Og så er ho mykje billegare.

Det er dagleg leiar Stig Eide i Follo vedservice i Akershus og Odd Togstad i Trysil vedservice som skryter av bjørkeveden frå Baltikum

— På få år har kvaliteten på veden frå Baltikum vorte mykje betre. Då er det ingen vits i å halda fram med eigen produksjon som gjev dårleg forteneste, seier Odd Togstad.

Norsk Ved viser til Statistisk sentralbyrås importstatistikk, som viser at importen av ved frå Estland, Latvia, Litauen og Polen i fyrste halvår var nær fire gonger så stor som i 2002.

— Så seint som på midten av 1990-talet fekk vi mesteparten av veden frå Trysil og Elverum. I dag kan dei ikkje konkurrera verken på pris, volum eller kvalitet med veden frå landa på andre sida av Austersjøen, seier Stig Eide i Follo vedservice.