Etter at BT skreiv om nesten-kollisjonen mellom HSD-båten Draupner og ein fritidsbåt har avisa vorte kontakta av mange båtbrukarar som har opplevd ubehagelege episodar på sjøen.

— Eg var på veg frå Lerøyosen mot Korsfjorden sist fredag, og held det eg såg på som forsvarleg avstand til land, fortel Hans-Erik Nygård.

Han har ein 23 fot cabincruisar og tok båtførarprøven allereie i 1967.

— Ein hurtigbåt frå HSD passerte meg på innsida. På den andre sida hadde båten heile Korsfjorden og Bjørnefjorden å ta av, seier Nygård. Han karakteriserer episoden som «bajaseri».

— Dette har ingenting med sjømannskap å gjera, seier Nygård.

Også Svein Bruarøy, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, er kritisk til måten HSD nokre gongar kjører på.

— Av og til varslar dei med fløyte, det skal dei ha. Men andre gongar oppdagar ein dei ikkje før dei freser forbi, seier Bruarøy.

— Eg har ingen grunn til å tru at nokon av våre kapteinar har gått på innsida i denne situasjonen. Dersom ein hadde vore så nært land hadde ein vore innanfor det ein kallar ship danger area, og då ville det gått ein alarm, seier Harald Aarø, divisjonssjef for hurtigbåt hos HSD, og legg til at han oppfattar påstanden som useriøs.

Aarø seier at nyttefartøya er plaga med småbåtar.

— Alle ønskjer at ein skal innretta seg etter dei. I hovudleia skal fritidsbåtane innretta seg etter nyttefartøya, seier Aarø.