Talleraas, som har bakgrunn som parlamentarisk leiar i Høgre, har ifylgje Havarikommisjonen meir enn 30 styreverv. Han sat på Stortinget frå 1977 til 1997.

I rapporten «Flysikkerhet i norsk luftfart under omstillingsprosesser» slår Havarikommisjonen for Sivil Luftfart og Jernbane (HSLB) ned på forholdet. Kritikken råkar primært Samferdsledepartementet som har oppnemnt Talleraas til det viktige ombodet. Talleraas har vore lite tilgjengeleg i ein krevande prosess, meiner kommisjonen.

Klar kritikk

Havarikommisjonen skriv:

«Styrelederen i Avinor innehar verv i drøyt 30 andre norske bedrifter. I Take-Off-05 perioden har styrelederen vært lite tilgjengelig for ansatte og fagforeningsledere. Avinor er infrastrukturforvalter i norsk luftfart og spiller dermed en helt sentral rolle for avvikling av sikker lufttrafikk. Take-Off-05 er en meget omfattende endringsprosess som krever stor aktsomhet og oppfølging dersom flysikkerheten ikke skal trues. Siden SD (Samferdsledepartementet) har delegert oppfølgingen av Avinor til et styre, stiller HSLB spørsmål ved at styrelederen har så mange andre verv og tilhørende oppgaver».

Utanom styreleiarvervet i Avinor er Talleraas også styremedlem i Redningsselskapet. Begge desse selskapa har i lang tid vore prega av indre uro og turbulens som har kravd stort engasjement og merksemd frå styremedlemene.

Lang liste

Talleraas har desse verva og funksjonane:

Sætre Settefisk As, styreleiar, Nordfjord Stål As, styremedlem, Havila Shipping Asa, styremedlem. K. Holen As, styremedlem, Møre Invest As, dagleg leiar, eigar, styreleiar, Kontali As, styreleiar, Fjord Toro As, styreleiar, Straumsnes Settefisk As, styreleiar, Rauma Gruppen As, styreleiar, Kontali Analyse As, styreleiar, Rauma Stamfisk As, styreleiar, Dimensions As, styremedlem, Brattvær Brygge As, dagleg leiar, styreleiar, Alfa Aktivum As, dagleg leiar, eigar, styremedlem, Prosjekt— og Teknologiledelse As, styremedlem, Tallikon As, dagleg leiar, eigar, styremedlem, Tallikon Eiendom As, dagleg leiar, eigar, Molde Kunnskapspark As, styreleiar, Solvik Marina As, dagleg leiar, styreleiar, Rauma Marin As, styreleiar, Reistad Eiendom As, dagleg leiar, eigar, styremedlem, Møre Marina As, eigar, styremedlem, Bjerregaard Invest As, eigar, styremedlem, Tango Eiendom As, eigar. Her er Eldrid Talleraas dagleg leiar, styremedlem og eigar. A. K. Talleraas As, styreleiar, Park Apartment As, dagleg leiar, styreleiar i stiftinga Romsdalsmuseet, og varamedlem til styret i selskapa Fjord Salmon As og Monaqua As.

Inntektene

Talleraas får nå som styreleiar i Avinor eit årleg honorar på 300.000 kroner. Det er likevel berre småpengar mot inntektene han har frå andre verv og kjelder.

Skattelistene viser at Talleraas i 2000 hadde ei nettoiintekt på 2,2 millionar kroner. Året etter fall nettoinntekta til beskjedne 839.400, for så å stige til 1,3 millionar kroner i 2002. I 2003 kom nettoinntekta opp i heile 3,95 millionar, medan beløpet stoppa på 1,74 millionar i fjor. Den likningsmessige nettoformuen var ved siste årsskiftet om lag 10,4 millionar kroner.

- Forbanna

  • Eg er ganske forbanna over kva Havarikommisjonen skriv. Det er direkte frekt av dei å kome med slike konklusjonar utan at dei i det heile har vore i kontakt med meg. Dei har opplyst at dei har prøvd å ringe meg heime på dagtid. Men det er forholdsvis sjeldan at folk sit heime på dagtid. Det verkar som Havarikommisjonen ikkje ynskte å få tak i meg før dei skreiv det dei skreiv. Direktøren i Havarikommisjonen har beklaga dette overfor meg, seier Anders Talleraas til Bergens Tidende.

Direktøren i Havarikommisjonen, Sverre Quale, avviser Talleraas: - Vi har intervjua mange personar på fleire nivå i Avinor. Vi står fast på konklusjonane våre. Vi meiner det er all grunn til å reise spørsmål ved at styreleiaren har så mange verv. Avinor er omdanna til aksjeselskap og styret har eit stort ansvar.

Talleraas seier at realiteten er at han har prioritert styreleiarvervet i Avinor.

— Eg har brukt romslig tid på dette og har veldig godt samvit.

— Når det gjeld talet på verv, er det reelle talet 10-12 . Eg føler at det er overkommeleg. Det er dette eg lever av, seier Talleraas.

SINT: Styreleiaren i Avinor, Anders Talleraas, er sint på Havarikommisjonen som kritiserer at han som styreleiar i Avinor har for mange styreverv i ei tid då Avinor, som styrer lufttrafikken, slit med mange problem. Talleraas er også styremedlem i Redningsselskapet som også slit med tunge problem.