VIDAR YSTAD

— Det kan ikkje vere tvil om at dette også aukar presset mot den norske riksadvokaten for å iverksetje etterforsking i saka som gjeld Aker Kværner sin aktivitet knytt til den omstridde Guantanamo-basen.

På riksadvokatens bord

Det seier juristen Fredrik S. Heffermehl til Bergens Tidende. Han har nå sendt skriftleg orientering til den norske riksadvokaten om avgjerda til den portugisiske riksadvokaten. Heffermehl er visepresident i Internasjonale juristar mot atomvåpen.

— Dette viser at nokre land, som også er medlem av NATO, tek dette alvorleg. Det stiller tilsvarande krav til norsk påtalmakt, seier SV-politikaren, Ivar Johansen, til Bergens Tidende.

Det var Johansen som i fjor melde Aker Kværner til riksadvokaten for moglege brotsverk på Guantanamo.

— Det kjem stadig ny dokumentasjon på bordet om overgrepa på Guantanamo som også involverer Aker Kværner. Eg veit at nye dokument er undervegs, seier Johansen.

— Av omsyn til Noregs rennome internasjonalt, er det viktig at påtalemakta fylgjer opp, legg han til.

Førstestatsadvokat Kjerstin Kvande stadfester at meldinga frå Heffermehl er motteken ved riksadvokateembetet. Men ho vil ikkje seie meir om saka før riksadvokaten har konkludert.

Fangar i handjarn

Etterforskingsordren frå den portugisiske riksadvokaten kom etter at ein portugisisk EU-parlamentarikar hadde møte med riksadvokaten i førre veke. Parlamentarikaren opplyste at ho hadde levert prov for at dusinvis av CIA-fly hadde landa i Portugal. Nokre av flya hadde transportert terrormistenkte fangar til eller frå fangeleiren på Guantanamo på Cuba. Det skal ligge føre fleire vitneprov frå folk som har sett fangar iførd handjarn under mellomlandingar på Azorane i Atlanterhavet.

Parlamentarikaren hevda også at dei lokale styresmaktene kjende til at Portugal vart brukt til CIA-flygingar.

I Portugal er det opplyst at regjeringa mislikar at riksadvokaten har iverksett denne etterforskinga.

I denne veka la journalisten og filmprodusenten Erling Borgen fram dokument som viser at Aker Kværner har vore involvert i drivstoffleveransar til flya som har dreve fangetransport til Guantanamo.