Det hevda advokat Erling O. Lyngtveit, som forsvarer Flatland, i retten i går. Tingrettsdommar Ingeborg Webster, som administrerer retten, gav uttrykk for undring over at ingen hadde gripe fatt i forholdet då det kom fram i retten dagen før.

Underslag?

I staden for å gje Flatland oppgjer for hesten, sette Hamre mestedelen — 875.000 kroner - av salssummen på 1,2 millionar danske kroner inn på eigen konto. Flatland fekk ein ny hest til ein billig penge.

Samstundes er det på det reine at Flatland disponerte byggmeister Øyvin Nydal sine pengar som om det var hans eigne. Ifølgje Flatland skjedde det utan avtale og bak ryggen på Nydal.

Dagen før signaliserte aktor, politiadvokat Geir Kavlie, at Flatland i dette tilfellet hadde gjort seg skuldig i underslag.

Millionar av kroner har gått inn og ut av Monaco-kontoen. Men berre ein liten del av innskota kan direkte tilbakeførast til innskot gjort av Flatland. Det gjeld i hovudsak eit beløp på 32.000 dollar, om lag 250.000 kroner, som kom frå Kapa Development i England, som var eit dotterselskap av Benjamin Overseas. Begge selskapa tilhøyrde Flatland.

Nydal-pengane

I går kravde Lyngtveit å få bretta ut kvar pengane på ekteparet Nydal sin hemmeleghaldne konto i Sveits stamma frå. Men hovudetterforskaren, Elisabeth Fimland, hadde ikkje vore med på denne delen av etterforskinga.

Det var frå denne kontoen Nydal overførde rundt fire millionar kroner til Flatland sin konto i Monaco.

Lyngtveit vil halde opplysningane opp mot påstanden i tiltalen om at Flatland «skjønte eller burde ha skjønt, at innskuddene, helt eller delvis, var utbytte av en eller fleire straffbare handlinger begått av Atle Hamre og/eller andre, eller måtte likestilles med utbytte i det de trådte i stedenfor det».

Lyngtveit presenterte forholdet som «rosina i pølsa» i saka mot Flatland.

Nydal må i retten

Svaret kom ikkje i går. Kanskje får retten opplysningar om forholdet i dag når Nydal sjølv er innstemna som vitne.

Legeerklæringa som Nydal la fram fredag, om at han ikkje kan møte i retten, vart overprøvd av ein ny lege tysdag. Og Nydal har å stille i dag, elles risikerer han å bli pågripen.

Utanom Nydal har tre vitne levert legeerklæringar for å sleppe å møte i retten. Berre ei av desse erklæringane er godtekne. Det gjeld fru Nydal.

Med pengar frå den hemmelege Monaco-kontoen sin, kjøpte Hallvard Flatland aksjar i selskapet til «pornokongen» Sten Ture Jensen, Media Holding. Det vart kjøpt aksjar for millionbeløp.

Aksjehandelen vart gjennomførd etter at Flatland først hadde satsa på IT-selskapet Merkantildata.

Transaksjonane vart bretta ut i Oslo tingrett i går då hovudetterforskaren i saka mot Flatland, Elisabeth Fimland, gjennomgjekk transaksjonane på Monaco-kontoen til Flatland-selskapet Benjamin Overseas Ltd.

Problematisk pengestraum

Økokrim har hatt store problem med å fylgje pengestraumane ved dei hestekjøpa som er undersøkt i sakene mot Atle Hamre og Hallvard Flatland. Det kjem dels av betalingsmåten, ofte av di det har vore nytta kontant betaling med bruk av kurér. Ein annan grunn er at det er vanskeleg å knyte kjøp av konkrete hestar til konkrete pengeoverføringar, av di det ikkje blir brukt namn i dokumenta. Det gjeld også ved fortolling. Tollvesenet har vore inne i sakene, men også tollvesenet har hatt store problem med å finne ut kva som er reell kjøpspris, som skal leggast til grunn ved fortollinga.

I eitt tilfelle vart ein av hestane som vart kjøpt i USA for 109.000 dollar, om lag 800.000 kroner, ved fortolling i Noreg og Sverige oppgjeve til å ha ein pris på 50.000 kroner. Hesten vart teken til Noreg med Hamre som mellommann og plassert på stallen hjå Hamre.

Den faktiske prisen ved sal til Sverige var to millionar svenske kroner. Det vart korrekt oppgjeve i faktura frå Flatland sitt selskap i Monaco.

Dette kom fram under forklaringa til Fimland.

TILTALT: Hallvard Flatland.
Arkivfoto: Aftenposten