• EU-kommisjonen fylgjer nøye med i utviklinga av forholdet mellom Aker og Kværner. Det fekk vi forsikringar om i møte i Brussel tysdag.

Dette seier Eldar Myhre til Bergens Tidende på telefonen frå Brussel. Han er konserntillitsvalt i Kværner.

Myhre opplyser at ein seks-manns delegasjon av tillitsvalde frå Kværner i går hadde eit to timar langt møte med leiaren for konkurransestyresmaktene i EU og to skandinaviske saksbehandlarar.

EU tok saka opp i fjor haust etter at det vart kjent at det Røkke-dominerte Aker Maritime hadde skaffa seg kontroll over om lag 27 prosent av aksjane i Kværner. I desember gav EU pålegg til Røkke/Aker om å selje seg ned til 17 prosent. Utan slik nedsal fekk Aker forbod mot å utøve aksjonærrettar i Kværner. EU kravde å få melding om at aksjane var selt til ubundne aksjonærar, godkjenne salet i forkant og øve kontroll i etterkant.

— Vi er svært godt nøgd med møtet. Dei stadfesta at dei slett ikkje har gjeve godkjenning for dei opplegg og "løysingar" som Kjell Inge Røkke har lansert for Kværner og Aker. Det strir klart med det Røkke sjølv har hevda.

— Dei har ikkje teke stilling til Røkke sitt opplegg. Dei har ikkje godkjend salet av aksjane. Men dei har sagt at dei vil kontrollere at aksjane er eller blir selt til uavhengige aksjonærar, ikkje nokon som Røkke har kontroll over eller som har inngått avtale med Røkke, seier Myhre.

— Vi fekk også klar beskjed om at EU ikkje har sluppe saka, men at dei tvert om fylgjer nøye med. Dersom det blir konstatert brot på føresetnadane om at aksjane skal seljast til uavhengige aksjonærar, er det aktuelt å vurdere straffetiltak, seier Myhre.

Det har vore reist spørsmål om saka nå vil vere ei sak for norske konkurransestyresmakter eller om det framleis vil vere ei sak for EU. Ifylgje Myhre gav EU-representantane uttrykk for at dersom framstillinga til Kværner-tillitsmennene er rett, vil det framleis vere ei sak for EU. Men det blir først avklara når det oppstår ein "situasjon" - at det blir ei eller anna samanslåing mellom Aker Maritime og Kværner.