Staten har dei siste åra nytta åremålsstillingar spesielt for leiarstillingar i staten. I dag er rundt 230 slike stillingar på åremål. Eit 20-tal av desse kom til ved årsskiftet, då dei aller fleste av politimeistrane kom over på åremål.

«Smør på flesk»

Innføringa av åremål heng til dels saman med ideen om å effektivisere staten.

Tanken har vore at det skal bli enklare å kvitte seg med leiarar som ikkje «held mål».

Ordninga vart innført trass i at det allereie var opna for omplassering av leiarar som ikkje innfridde forventingane.

Leiarlønskontraktane inneheld klausular om årleg vurdering av måloppfylling. Det gjev staten rett til å omplassere leiarar etter kvar einaste årlege vurdering.

Difor meiner sentrale aktørar at åremål i tillegg er «smør på flesk» — noko politikarane har funne på for å markere handlekraft og modernitet.

«Sovepute for staten»

På denne bakgrunnen er det at advokat Else Bugge Fougner, Høgre-politikar og tidlegare justisminister, nå går knallhardt ut mot den omfattande bruken av åremålstillingar i staten.

«Ordningen med åremål fungerer nærmest som en sovepute for staten som arbeidsgiver. Den vil heller ikke trekke til seg de beste lederne», uttala Bugge Fougner på eit møte i Rettspolitisk Forum i slutten av januar. Det skriv fagbladet «Juristkontakt» i siste nummer.

Ho meiner åremål er ein lettvint måte for staten å løyse utfordringane som leiarstillingane fører med seg.

Vil ikkje ha nikkedokker

Bugge Fougner meiner det er interessant å notere at åremål ikkje blir brukt i det private næringslivet.

Bugge Fougner meiner det er betre å ha frittalande statlege leiarar med eit sterkt oppseiingsvern, som vågar å synge ut og opptre «politisk ukorrekt». Ho vil heller ha slike leiarar enn lydige nikkedokker som ikkje vågar å seie ifrå og vere vaktbikkjer overfor den politiske leiinga fordi dei er redde for ikkje å få forlenga åremålskontrakten.

Evaluering i gang

Arbeids- og administrasjonsminister Victor Normann, som er partifelle med Bugge Fougner, seier til Bergens Tidende at han er kjent med synspunkta hennar. Han stadfestar at han har meiningar om dette, men avslår å seie kva han meiner.

Han opplyser at det nå er sett i verk arbeid for å evaluere bruken av åremål. Før evalueringa er klar vil han ikkje uttale seg.

Synspunkta til Bugge Fougner blir delt av ei rad sentrale embetsmenn som Bergens Tidende har vore i kontakt med.

«Trynefaktoren»

Ein av desse er førstestatsadvokat Lasse Qvigstad. Han meiner det er fare for at systemet med åremålskontraktar lett fører til at «trynefaktoren» blir domierande.

Sjefen for lovavdelinga i Justisdepartementet, Inge Lorange Backer, er også redd for verknadane for den einskilde ved å opptre for uavhengig og frittalande. Han meiner det har vore altfor liten prinsipiell tenking omkring verknadane av åremålsordninga.

Jamvel politidirektør Ingelin Killengreen, som sjølv er på åremål og i utgangspunktet er positiv til ordninga, vedgår at det var «skremmande lite diskusjon» om innføringa.

Departementsråden i Justisdepartementet, Morten Ruud, meiner åremålsordninga kan føre til feil fokus i forvaltninga, ved at merksemda blir retta mot etterfylgjaren allereie eitt år før leiarskiftet.