Det seier juristen Fredrik Heffermehl. Han er den som framfor nokon annan i Noreg har kjempa Vanunu si sak gjennom årtier. Det har han gjort både i Noreg og internasjonalt.

Han meiner Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på Vanunu med bakgrunn i våre eiga historie:

– For det første var det Noreg ved hjelp frå Ap som skaffa Israel tungtvatn som sette landet i stand til å produsere atomvåpen. Då søkelyset vart retta mot dette forholdet, unnlet Noreg, styrt av Ap, å fylgje opp, seier Heffermehl.

Han meiner det er heilt urimeleg at Vanunu nå betaler prisen for at Noreg hjelpte Israel til å skaffe seg atomvåpen og såleis medverka til spreiing av atomvåpen.

– Tortur

– Vanunu blir utsett for vedvarande grove krenkingar av menneskerettane av den israelske staten. Først vart han kidnappa. Så vart han i meir enn 11 år halden i isolat. Etter at han hadde sona den lange fengselsdommen på 18 år, held krenkingane fram. Han blir utsett for stadig nye krenkingar. Både kidnappinga, isolasjonen og dei nye overgrepa har karakter av tortur, seier Heffermehl.

– USA sin tidlegare FN-ambassadør, Bolten, erklærte under eit besøk i Israel at Vanunu aldri måtte sleppast fri. Det var reine ord for pengane og fortel korleis USA ser på denne saka. Eg er redd Noreg framleis er redd for ikkje å tekkast USA.

Utfordrar Støre

Heffermehl fys av utanriksminister Jonas Gahr Støre si tilvising til at Vanunu blir behandla i samsvar med avgjerder fatta av israelske domstolar:

– Domstolane blir brukt til å krenke menneskerettane. Rettsapparatet i Israel er ein del av krenkinga. Eg vil oppmode Støre til å tenkje seg om. Vanunu lever i konstant livsfare og i ein situasjon som når som helst kan utvikle seg til akutt livsfare. I mange andre samanhengar har Noreg engasjert seg og grepe inn til støtte for folk som lever under langt mindre trugande forhold.

– Til Støre vil eg seie: Kva truverd har Noreg sin motstand mot atomvåpen om ein ikkje er viljug til å løfte ein finger for den som har ofra så mykje for kampen mot atomvåpen? Knapt nokon har ofra meir.

– Og eg opplever at Noreg er sterkt engasjert når det gjeld å hindre at Iran skaffar seg atomvåpen. Men kvifor gjer ein då ingenting overfor det grannelandet som skaffa seg atomvåpen på ulovleg vis? Seier Heffermehl.

STØTTESPILLER: Juristen Fredrik Heffermehl har kjempet for Vanunus sak i årtier.