• Eg veit ikkje om nokon som kan ta imot desse pasientane i dag, seier overlege Erik Florvaag ved avdeling for klinisk allergilogi ved Haukeland universitetssykehus til BT.

— 110 personar er ei voldsomt stor pasientgruppe, og allergivaksinering er ikkje gjort på ein blunk. Behandlinga er potensielt farleg, og ikkje noko kven som helst kan begynne med.

Haukeland universitetssykehus har ikkje kapasitet til å ta imot fleire. Men Florvaag meiner at folk som er i gang med vaksinasjonsprogrammet må sikrast ei fagleg forsvarleg behandling:

— Det finst sikkert løysingar. Ansvaret ligg hos dei som legg ned tilbodet.

— Altså Helse Vest?

— Ja.

- Fleire tiltak undervegs

Informasjonsdirektøren i Helse Vest går god for at pasientane fortsatt skal få tilbod om vaksinering i framtida.

— Det ligg i korta at pasientane ikkje skal bli skadelidande, men kan gjennomføre vaksinasjonsprogrammet på tilfredsstillande måte. Det er vårt mål, seier Bjørg Sandal til BT.

— Men i praksis er det nesten ingen som gir denne vaksinen?

— Vi har fått signal om at iallfall éin lege kan ta imot pasientar om ein månads tid. Eg har oppfatta det slik at det er fleire tiltak undervegs, så det skulle vere betryggande, meiner Sandal.

- Under rimeleg kontroll

Sandal seier at Helse Vest RHF har fått signal om at tilbodet av øre-nese-hals-spesialistar i Bergen er rimeleg godt dekka inn, og at det er større behov for ein spesialist i lungesjukdomar.

Derfor har Helse Vest søkt Nasjonalt råd for spesialistutdanning av leger og legefordeling om å få omdisponere Dr. Håvågs heimel til lungeheimel.

— Fleire legar i Bergen har forsikra oss om at dei kan ta imot pasientar. Vi føler at dette er under rimeleg kontroll.