• Det har vore vondt blod i Bergen Venstre heilt sidan Lars Sponheim etter førre stortingsval kritiserte valkampinnsatsen i Bergen og Hordaland.

VIDAR YSTAD

Dette seier valforskar Frank Aarebrot ved Universitet i Bergen til Bergens Tidende.

— Mange partifolk i Bergen har på seg «polaroidbriller». Dei ser berre på dei negative sidene ved det han gjer og har gjort. Det er mykje vondt blod der, og nå freistar dei å få det til å spreie seg utover i fylket. Difor køyrer dei nå fram Kjell Alvheim, frå Øygarden. Det hadde ikkje nytta å kome med ein annan kandidat frå Bergen, seier Aarebrot.

Den drivne valforskaren kjenner forholda lokalt betre enn dei fleste.

Aarebrot meiner at mange i Bergen Venstre aldri har godteke Lars Sponheim, korkje som stortingsrepresentant, partileiar eller statsråd.

— Krinsen rundt Gunn-Vivian Eide tolererte at Sponheim fekk førsteplassen på lista ved stortingsvalet i 1993 av di ho sa at ho ikkje var aktuell den gongen. Dei aksepterte då at Sponheim, inne frå Ulvik, fekk førsteplassen av di dei ikkje trudde at han ville bli valt. Når han så kom inn, og gjorde det svært bra, etter mi vurdering, i den første stortingsperioden, var dei ikkje særleg glade for det, seier Aarebrot.

Aarebrot seier at han er overtydd om at Sponheim, trass i stemninga i Bergen Venstre, blir nominert på førsteplass på stortingsvallista. Han trur partiet vil innsjå at dei er best tent med det.

Valforskar Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo meiner det vil verke svært negativt for Venstre om partiet i Hordaland skulle finne på å «kippe ut» Sponheim.

Aardal minner om at Sponheim i Hordaland og Odd Einar Dørum i Oslo makta å erobre distriktsmandat, medan partiet på landsbasis gjekk klart tilbake.

— Sponheim er den som i størst grad har fronta Venstre, og det vil verke dårleg for partiet om dei nå prøver å hive han. Ein ser korleis striden i Kristeleg Folkeparti slår negativt ut. Det nyttar heller ikkje å skulde på at partiet har låg oppslutnad på grunn av han, eller klage på manglande profilering, når partiet sit i regjering. Å vone at ein annan person skulle kunne gjenreise Venstre verkar som eit rimeleg friskt ynskjemål, seier Bernt Aardal.