Stadig fleire er ufrivilleg barnlause i Norge, og for mange av desse er utanlandsadopsjon eit alternativ. Årleg blir kring 600 barn adopterte hit til landet, men i dag finst det ikkje noko tilbod til desse ungane, utover det alle norske barn får ved norske helsestasjonar.

Mangelen på oppfølging og hjelp er eit sakn hos mange adoptivforeldre, viser ei ny hovedfagsoppgåve om utanlandsadopsjon ved Institutt for sykepleievitenskap i Bergen. Tema er adoptivfamiliens utfordringar, ressursar og behov.

Usikre

— Mitt inntrykk er at adopsjonsfamiliar er svært ressurssterke, og «på høgget» for at barna skal få den hjelpa dei treng. Samtidig blir desse familiane veldig overlatte til seg sjølve, meiner Linda Rykkje, som har skrive oppgåva.

Ho har intervjua tretten adoptivfamiliar i Bergen og Hordaland. Til saman har familiane adoptert totalt 25 adoptivbarn frå åtte ulike land. I tillegg har Rykkje intervjua tre helsesøstre og fire vaksne adopterte frå Korea.

Dei fleste utanlandsadopterte kjem til Norge når dei er i eitt-to-årsalderen eller eldre, og fell dermed utanom dei vanlege, hyppige spebarnskontrollane på helsestasjonane. Flesteparten får berre tilbod om 2- og 4-årskontroll.

— Som dei fleste foreldre er adoptivforeldre også opptekne av søvn, mat, åtferd og kommunikasjon, fortel Rykkje. - Men samtidig er det fleire usikkerheitsmoment når det gjeld barnets bakgrunn, tilknyting, språk og eventuelle sjukdommar som ikkje er vanlege her.

Lite kunnskap

Foreldra opplever det som ei barriere å be om hjelp som gjeld adopsjonsrelaterte spørsmål på helsestasjonen. Helsesøstrene har generelt lite kunnskap om utanlandsadopterte.

— Adoptivforeldre fortel: «Vi kunne jo spurt helsesøster om det vi lurar på, men når ho er like grøn som oss, er det ingen vits», seier ho til BT.

— Gjennom Haag-konvensjonen forpliktar norske styresmakter seg til at adopsjonen skal vere til barnets beste. Men ingen kontrollerer korleis det går med barnet etterpå, seier Rykkje.

Ho etterlyser eit eige program for utanlandsadopterte barn ved norske helsestasjonar, der informasjon og halvårlege kontrollar bør vere obligatorisk. Dessutan må kunnskap om adoptivbarn inn i helsesøsterutdanninga.

— Dei trur at dei underviser i dette emnet i dag, men gjer det ikkje. Innvandrarbarn og fleirkulturelle barn er ein heilt annan kategori, og kan ikkje samanliknast, meiner Rykkje.

Hovedfagsoppgåva til Linda Rykkje finn du på http://www.ub.uib.no/elpub/oversikt.html