Nestleiar i Hordaland Arbeidarparti, Bjørn Christensen, leia eit utval som evaluerte Arbeidarpartiet sin kommunevalkamp i 1999.

Utvalet var oppnemnt av sentralstyret.

Utvalet kom med fleire forslag om kva som kunne gjerast betre i neste valkamp.

Christensen presiserer at han ikkje ønskjer å stå fram som ein surmaga kritikar som stør endå meir salt i såra etter det katastrofale valnederlaget i fjor haust.

Bruka ikkje forslaga

Men to år etter konstaterer han at sentralstyret ikkje tok omsyn til alle forslaga. Han legg ikkje skjul på at han er skuffa.

— Vi kan ikkje vita om det hadde endra valresultatet. Men eg meiner vi kunne unngått å gjera same feil to gonger om råda våre hadde vorte følgde, seier han.

Forutan Christensen var Trond Giske, fleire ordførarar og fylkesordførarar medlemmer av utvalet.

— Vi fekk mykje skryt for godt arbeid. Mellom anna fekk vi gjort fleire meiningsmålingar. Dei viste at velgjarene er meir opptekne av sakene enn personane som styrer.

— Vi konkluderte med at vi ikkje måtte koma med valutspel berre for politikken si skuld. Det er det vi gjer mellom vala som tel. Det er då vi i praksis viser kva vi vil.

Høgre gjorde det rette

— Framom dette makta Høgre å visa kva god høgrepolitikk er i god tid før valkampanjen tok til. Vi makta det diverre ikkje, seier Christensen.

Han nemner Arbeidarpartiet si skulepakke som eit døme på «valkampflause»:

— Eg vart glad då barn og unge skulle setjast på dagorden i fjor vår.

Ordføraren og den tidlegare idrettsleiaren var sikker på at partistrategane i Oslo hadde funne ei god sak.

— Men kva skjedde? Det heile koka ned til at kommunane skulle få låna dyrt til nye skulebygg.

I Voss kommune kunne vi låna 15 millionar kroner. Det hadde vi ikkje råd til. Slikt går det ikkje an å servera velgjarane.

Christensen-utvalet presiserte også at partileiinga måtte verta flinkare til å ta partilaga med på råd.

— Men då slagordet for valkampen skulle lagast, tilsette leiinga profesjonelle reklamemakarar til jobben. Han understrekar også at han ikkje er så blåauga at han trur det elendige valresultatet berre skuldast ein blunder eller to.

Det botnar i langvarig slitasje. Men vi treng ikkje gjera slitasjen større enn han er, seier han.

Elitestyring

For mange verv er samla på for få hender, slår Christensen fast og legg til at dette gjeld også han sjølv.

Ordføraren på Voss har mellom anna fortid som statssekretær for Åse Kleveland i Kulturdepartementet. No er han landsstyremedlem ved sidan av å vera nestleiar i fylkespartiet.

Og han bekymrar seg over at fleire og fleire toppolitikarar ikkje lenger har yrkeserfaring.

— Mistar vi kontakten med arbeidslivet, mistar vi også den folkelege tilknytinga. Det er farleg, påpeikar han.