Ein stor del av innsparingane kan tilskrivast tæring på lager og utsett vedlikehald. Dette er utgifter som ein ikkje kjem utanom i nær framtid. I tillegg var det store innsparingar gjennom redusert aktivitet og færre øvingar.

— 2005 var eit unntaksår. Vi kan ikkje halde fram på denne måten, fastslo forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) i går. Statsråden møtte pressa saman med forsvarssjef Sverre Diesen, då han i går presenterte rekneskapstala.

For å rette opp inntrykket frå den katastrofale 2004-rekneskapen, har Forsvaret gjort drastiske kutt. Kor store beløp det er snakk om, våga korkje forsvarsministeren, forsvarssjefen eller nokon i staben hans seie noko om i går. Først om ein månads tid vil vi kunne seie noko om det, var beskjeden.

Varslar nye kutt

Opplæring for dei nye fregattane og vedlikehald på Hercules-flya er mellom utgiftene ein skuvar framfor seg. Både drivstofflager, utstyr og reservedelar som vart tappa ned i fjor, må ein bygge opp igjen.

Diesen meiner at ein framleis har ein noko for stor forsvarsstruktur i høve til budsjett.

— Ambisjonen min er å bringe forsvarsstrukturen i balanse med budsjettet, sa Diesen i går.

Han ville ikkje gå i detalj om det inneber nye drastiske kutt i bemanninga. Han viser til den nye forsvarsplanen som han skal legge fram i 2007, og seier at han tek sikte på å skjerme den operative delen men kutte i base- og støttestrukturar.

Breie smil

I går smilte både forsvarsminister, forsvarssjef og heile staben hans frå øyre til øyre over rekneskapsatala som viser eit mindreforbruk på 322 millionar kroner i 2005 i høve til budsjett. Det inneber at 98,4 prosent av budsjettet er brukt.

Forsvarsleiinga forsikrar nå at rekneskapstala er endelege, slik at ein ikkje risikerer negative overraskingar.

I mars i fjor iverksette dåverande forsvarssjef Sigurd Frisvold drastiske tiltak for å trekkje inn 941 millionar kroner i 2005, tilsvarande overforbruket i 2004. Heile 812 millionar kroner av dette vart teken frå drift.

Rekneskapstala som i går vart presentert, syner at lønsutgiftene vart kutta med 263 millionar, reise, kurs og representasjon med 67 millionar, konsulentutgiftene med 247 millionar og EDB-utgifter med 118 millionar.

Ifølgje Diesen har ein i 2005 betra økonomistyringa, dels gjennom heva kompetanse og betra verktøy for å styre økonomien. Men i tillegg har forståinga av behovet for å ha kontroll over økonomien blitt vesentleg betra.

- Ikkje pisk

— Var det som skulle til å statuere eit eksempel gjennom å sparke direktøren for FLO og generalinspektøren for Hæren slik det skjedde i fjor vår? Var det med andre ord behov for bruk av pisk?

— Det har vore ei generell oppvakning omkring behovet for å ha økonomien under kontroll. Økonomistyringa er kome på stell. Det har ikkje vore behov for bruk av pisk, seier Diesen.

Forsvarsleiinga vedgår at det i 2003-2004 vart kutta for kraftig i økonomikompetansen. Behovet for oppfølging av økonomistyringssystemet vart undervurdert. Det gjekk ut over evna til økonomikontroll. Men nå er ein i ferd med å få på plass tilstrekkeleg kvalifisert personell til å greie oppgåvene.

DRASTISKE KUTT: For å rette opp inntrykket frå den katastrofale 2004-rekneskapen, har Forsvaret gjort drastiske kutt. Kor store beløp det er snakk om, våga korkje forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen eller forsvarssjef Sverre Diesen seie noko om i går.
SCANPIX