• Røtene og grunnlaget for parlamentarismen låg nedfelt i Grunnlova alt frå 1814. Difor er det ikkje behov for å endre Grunnlova for å fortelje at styringssystemet vårt bygger på parlamentaris-men.

Sivilombodsmann Arne Fliflet slår dette fast overfor Bergens Tidende. Han underbygger påstandane sine dels med å peike på lovteksten, dels ved å vise til fleire historiske hendingar. Fliflet er Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga som har i oppgåve å føre kontroll med forvaltning og regjering.

Fleire har teke til orde for å skrive inn i Grunnlova at styringssystemet vårt bygger på parlamentarismen, men det ser Fliflet ikkje behov for.

— Fint avstemt system

— Gunnlova er eit fint avstemt system der Regjeringa sitt ansvar og plikter i forholdet til Stortinget kjem godt til uttrykk i ulike paragrafar, seier Fliflet.

Han er noko overraska over at Stortinget har akseptert at Regjeringa utan drøftingar, har avslutta ein meir enn 150-årig praksis med å oversende komplette søkjarlister på offentlege stillingar.

Parlamentarismen går som vi veit ut på at ei regjering må ha stortingsfleirtalet i ryggen eller i alle fall ikkje mot seg, for å kunne overleve. Er det fleirtal mot regjeringa i ei sak der regjeringa nektar å bøye seg, må ho gå.

Regjering mot storting

Temaet kan fort bli aktuelt igjen. Statsminister Kjell Magne Bondevik åtvara i det siste stortingsmøtet før ferien om at det går ei grense for kor mange ned-erlag regjeringa kan tole.

Kvar grensa går vil Bondevik ikkje kunngjere. Bondevik har også gjort det klart at han ikkje vil fråskrive seg retten til å bruke kabinettspørsmål for å få viljen sin, det vil seie freiste å tvinge Stortinget i kne.

Det er sjølvsagt ein risiko å ta, slik det var då kabinettspørsmålet vart stilt til ingen nytte i gasskraftsaka i mars 2000.

Statsministeren dømd

Fliflet tek oss med tilbake til 1836 for å underbygge påstandane sine. Då vart statsminister Løvenskiold sett under tiltale og dømd av riksretten for å ha godkjend og kontrasignert kong Karl Johan si avgjerd om å oppløyse Stortinget før Stortinget hadde gjort seg ferdig med arbeidet sitt.

Kontrasignering var påkravd etter paragraf 31 i Grunnlova for at avgjerda skulle bli gyldig. Dei to andre statsrådane protesterte mot kongen si avgjerd.

Riksretten dømde Løvenskiold til å betale ei bot på 1000 Speciedaler og 450 Speciedaler i sakskostnader. Aktor hadde lagt ned påstand om at Løvenskiold skulle frådømast embetet.

Førstevoterande i riksretten slo fast at å oppløyse Stortinget medførde «øiensynlig Skade for Riget».

Tilretteleggjar for Stortinget

— Ein kan seie at det ligg ein føresetnad i Grunnlova om at Regjeringa skal opptre slik at Stortinget får gjort jobben sin. Det gjeld sjølvsagt også for ei mindretalsregjering. Nå kan ein seie at det er grenser for kva regjeringa vil akseptere for ikkje å gå på akkord. Då må regjeringa heller gå. Det er eit klart prinsipp at regjeringa har plikt til å gå om Stortinget uttrykker mistillit. Det vil vere klart skadeleg om regjeringa då skulle freiste å bli sitjande, seier Fliflet.

Statsrådane i Stortinget

Fliflet viser også til paragraf 74, 2. ledd i Grunnlova. Paragrafen gav statsrådane tilgang til Stortinget. Men statsrådane får først tilgang til Stortinget etter at Stortinget er konstituert og opna er gjennomførd. Skulle dei prøve å ta plass før konstitueringa har skjedd, vil dei bli bortvist. Statsrådane har likevel ikkje tilgang til lukka møte i Stortinget utan særskild godkjen-ning frå Stortinget.

Denne paragrafen var sterkt omstridd då han kom. Kongen nekta gong på gong å sanksjonere lovvedtaket. Då Stortinget fjerde gongen, i 1880, erklærte at lova nå var gjeldande lov, nekta Regjeringa å kunngjere vedtaket.

Frådømd embetet

Stortinget reagerte ved å innleie riksrettssak mot dei 11 involverte regjeringsmedlemene. Fleire av dei vart i 1884 frådømde embeta for å ha opptredd «landsskadelig». Det var dette som vart gjennombrotet for det parlamentariske systemet i Noreg.

I votumet sitt i riksretten sa lagtingsmedlem, gardbrukar A. Egge mellom anna: «Da Folket i 1814 gav sig sin Grundlov var det ubestrideligt i Besiddelse af den fulde Suverænitet, og følgjelig måtte det være i udelt Besiddelse af alle de Rettigheter, som det ikke med udtrykkelig Bestemmelser i Grundloven overdrog Kongemakten.»