Konflikten kjem ope til syne gjennom den granskinga som Kontrollkomiteen på Stortinget nå gjer av oppfylging av stortingsvedtak.

Striden har også kome til uttrykk i at Regjeringa vil innskrenke Riksrevisjonen sin innsynsrett og at Stoltenberg-regjeringa nekta Riksrevisjonen innsyn i eit konkret dokument.

Riksrevisorkollegiet slo då klart fast at det ikkje kan vere opp til den som skal kontrollerast å avgjere kva kontrolløren skal få innsyn i.

Tvisten kom også til syne ved at først justisminister Hanne Harlem og så justisminister Odd Einar Dørum med tilslutnad frå Regjeringa, nekta Sivilombodsmannen innsyn i dokument som ombodsmannen hadde kravd innsyn i.

I denne saka har Sivilombodsmannen alarmert Stortinget.

— Vi ser nå systematiske forsøk frå departementa på å nedvurdere stortingsvedtak. Meir og meir tyder på at embetsverket har styringa. Nå må statsrådane ta makta tilbake, seier Frp-leiar Carl I. Hagen til BT.

Ei sak som illustrerer dette, er ifylgje Hagen, manglande oppfylging av pålegg frå Stortinget om å syte for at samordninga av pensjonar blir praktisert slik at ingen taper på å ha tent opp pensjonspoeng i folketrygda.