-
UENIGHET: Politiet sier at stortingsrepresentant Henning Warloe har tilstått. Det mener advokaten hans er feil. ARKIVFOTO: Fred Ivar Utsi Klemetsen
Politiet hevdar Warloe har tilstått
Stortingsrepresentant Henning Warloe (H) har tilstått å ha brukt narkotika, meiner politiet. - Nei, seier advokaten hans.
AV: hans k. mjelva
Politiet har no sendt saka om stortingsrepresentant Henning Warloe sitt narkotikabruk over til Bergen Tingrett, skriv nrk.no. Politiet meiner han har tilstått.
- Warloe har tilstått både å ha skaffa seg og brukt narkotika, seier politiadvokat Bjørn Pettersen i Romerike politidistrikt til NRK Hordaland.
Les også
Les også
Har brukt, men ikkje skaffa
Advokaten til Warloe meiner politiet ikkje har den tilståinga dei hevdar å ha.
- Dei har opplyst at Warloe har sagt seg villig til å ta ein tilståingsdom, men det er faktisk ikkje riktig, seier Erling O. Lyngtveit.
- Det Warloe har sagt er at han er villig til å vedta eit førelegg for bruk av narkotika ved nokon høve. Men siktinga går òg på erverv. Det har han aldri erkjent, seier Lyngtveit til NRK.