Pandemien er utsett

Nesten ingen har testa positivt.

Les også:

Lurer du på kor svineinfluensaen er blitt av? Slapp av, den kjem. Men ikkje før til neste år.

Kriseberedskapen i Helse-Norge er høg, men H1N1-viruset ligg lågt og spreier seg ikkje lenger så raskt. No trur fagfolk at toppen kjem først til neste år.

– Vi ventar ein større vekst i januar til mars, altså den perioden vi normalt har influensa, seier direktør Bjørn-Inge Larsen i Helsedirektoratet.

– For ein månad sidan åtvara de stort om pandemien som skulle kome i haust. Ropte de ulv-ulv?

– Vi tok atterhald kvar gong vi sa dette, og har heile tida sagt at vi ikkje har visst kor vi er i utviklinga.

Flesteparten testar negativt
Sjølv om Haukeland Universitetssjukehus har hatt langt fleire pasientar med influensaliknande symptom enn vanleg på denne tida av året, er totaltalet lite.

– Dette taklar vi, seier seksjonsoverlege Nina Langeland ved Medisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.

– Kjem det til å kome ei bølgje?

– Ja. Vi veit ikkje når, men her i landet skjer det mest sannsynleg på vinterstid.

Også smittevernlege i Helse Førde, Reidar Hjetland, trur at viruset no jobbar seg fram mot den tradisjonelle, norske influensasesongen.

– Det kan kome ein liten topp i haust, og så bli verre til vinteren. Alt er mogleg.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen poengterer at nesten ingen som er blitt testa for svineinfluensa, har H1N1-viruset.

– Nesten alle som er hos fastlegen med influensaliknande symptom, har ikkje viruset, opplyser Larsen.

Kortvarig og mild
Det er nemleg ikkje lett å fastslå om ein pasient faktisk har svineinfluensa, eller «berre» vanleg feber og forkjøling.

– Det står ikkje svineinfluensa i panna på pasientane, når dei kjem inn døra, seier smittevernlege Hjetland tørt.

Her er status for svineinfluensaen på Vestlandet ved inngangen til september:

  • HELSE BERGEN: Rundt 30 innlagde pasientar med mistanke om svineinfluensa. Mistanken stadfesta i færre enn 10 tilfelle.
  • HELSE FØRDE: Ein «handfull» pasientar innlagde med mistanke om svineinfluensa. Mistanken stadfesta i tre tilfelle.
  • HELSE FONNA: To vaksne og to barn har fått påvist H1N1-viruset.

– Kan ein seie noko generelt om tilstanden til pasientane som har vore innlagde med svineinfluensa?

– Dei er yngre enn gjennomsnittspasienten med influensa i vintersesongen, og har mildare og meir kortvarig sjukdom. Dei fleste skriv vi raskt ut igjen, seier Langeland.

Stort restlager
I midten av september kjem vaksinen. Men ingen får, før den europeiske legemiddelstyresmakta har vurdert biverknader og risiko. Utsette grupper blir vaksinerte først.

– Vi har ikkje tatt stilling til om vi skal vaksinere alle. Vi ventar med resten til vi har betre oversikt over biverknader og vidare utvikling i sjukdomsbiletet, seier helsedirektør Larsen.

Norge har bestilt 9,4 millionar vaksinedoser – to til kvar nordmann. Larsen er sikker på at restlageret kjem til å bli stort.

– Sjølve vaksinen er haldbar i tre år, og kan brukast igjen, dersom dette viruset endrar seg og kjem tilbake som ein meir alvorleg sjukdom. Mange meiner at vi bør gi bort vaksinen til land som ikkje har råd sjølve.



Les også

Siste fra Nyheter

Fant larve i maisboksen

- Jeg kommer til å holde meg langt unna mais av merket First Price etter dette, sier Lars Andreassen (19).

Leteaksjon etter tre tyske turister

Meldte selv fra om at de hadde gått seg vill i Øystese.

Balanserte 18 meter over
bakken - uten sikring

- Arbeidet tar lenger tid hvis vi skal bruke den selen.

Brann på Rossland

Et hus stod i brann på Rossland i Lindås tirsdag kveld.

SAS utleverer passasjerer ulovlig

I strid med loven utleverer SAS personopplysninger om flypassasjerer til amerikanske myndigheter.

Fisker med dynamitt

Justin Bieber, Ashton Kutcher og Leonardo DiCaprio suser allerede rundt i Fisker Karma. Nå har hollywoodtrynenes nyeste leketøy landet i Bergen.



  • Så langt har 94 personar i Hordaland og 25 i Sogn og Fjordane fått påvist svineinfluensa, viser tal frå Folkehelseinstituttet.
  • Vaksinen kjem truleg i månadsskiftet september/oktober. Massevaksinasjonen vil koste staten minst 650 millionar kroner.
  • Ein informasjonskampanje i regi av Helsedirektoratet til ni millionar kroner blir avslutta denne veka.

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Forsiden nå

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger