• Ny forsking kan gjere det mogleg å vurdere lang tid i forvegen korleis vinteren blir .

    FOTO: Helge Sunde

Lagar lengre langtidsvarsel

Vêrmeldinga ser ikkje meir enn sju dagar fram i tid. Forskarar ved Universitetet i Bergen ser no opptil to månader.

– Vi kan i visse situasjonar vinterstid gi eit meir detaljert langtidsvarsel – på eit tidlegare stadium enn før, seier Tarjei Breiteig, som neste veke disputerer for doktorgraden. Observasjon av tilstanden høgt der oppe er nøkkelen til funna Breiteig har gjort i samarbeid med forskar Erik Kolstad ved Bjerknessenteret .

Høgt der oppe vil seie stratosfæren, luftlaget som ligg 10 til 50 kilometer over hovuda våre.

Vintervind
I stratosfæren herjar forrykande vindar vinterstid. Temperaturen kan plutseleg svinge med fleire titals grader. Slike tilstandar der oppe, viser Breiteigs forsking, kan føre til unormale tilstandar her nede: vinter med tørt vêr og få lågtrykk over fleire veker eller motsett – unormalt mange lågtrykk og vått vintervêr.

– Vi ser at stratosfæren ofte går inn i ein unntakstilstand om vinteren med sterke utslag. Desse kan i nokre tilfelle føre til lange milde eller kalde periodar på bakken, seier Breiteig.

At stratosfæren påverkar vêret vårt, er ikkje nytt. Men Breiteig og Kolstad har i tillegg funne ut at vêrdata frå her nede kan hjelpe til å rekne ut forholda der oppe i stratosfæren.

Dermed blir det mogleg å spå det unormalt langvarige gode eller dårlege vêret som stratosfæren påfører oss.

– Vi ser at det som skjer på bakken også påverkar stratosfæren. For eksempel kan eit kraftig høgtrykk over Skandinavia svekkje vindane i stratosfæren, som igjen påverkar luftsirkulasjonen her nede og dermed fører til færre lågtrykk over Nord-Europa, forklarer Breiteig.

Det er i denne veksleverknaden det nye langtidsvarselet ligg, eit varsel som kan gå ut ein til to månader i forvegen. I tillegg har Breiteig sett at variasjonar i havtemperaturen i Golfstraumen kan gi utslag i tørre eller våte vintrar på land.

Ikkje som på TV
Så er det dei vitskapelege reservasjonane:

Det er ikkje snakk om eit varsel med same presisjon som vêrvarslinga på TV. Meteorologiske modellar kan i dag sjå utsiktene sju til ti dagar fram i tid, deretter blir varselet stadig meir usikkert.

– Det er for mange usikre faktorar involvert til at eksakt varsling er mogleg fleire veker fram i tid. Klimaet i den nordatlantiske regionen er altfor kaotisk til at det nokon gong vil bli mogleg, trur Breiteig.

Mindre usikker varsling langt fram i tid er uansett innanfor rekkevidde.

Og vinteren i år?

– Den er det for tidleg seie noko om, seier Breiteig.

For der oppe, i stratosfæren, er det framleis sommar.

Les også

Siste fra Nyheter

Julija er smart fire år.
Mamma har ikke tenkt
å slutte med ammingen.

Hvorfor blir vi så provosert av mødre som ammer store barn? <b>Møt mammaene som ammer i årevis!</b>

Nå er det trangt om plassen

Bergens parker, grøntområder og badeplasser er fylt til randen av soleglade badegjester.

I dag er solen sterk og farlig

I dag kan du nyte siste dagen med varmegrader over 25, men pass deg for sterke UV stråler.

Politiet jakter på veskenapper

En kvinne skal ha blitt frastjålet vesken sin i Nygårdsparken. Politiet er i området med hundepatrulje.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Pinseutfarten gir lange køer

Skaper lange køer ved Krambua.

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Forsiden nå

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger