Arild Samnøy (snart 13) køyrde utfor eit stup og hamna i den iskalde elva attmed utforløypa på Voss. Heldigvis var kameraten Stig Martin Tryti like ved. - Kompisen min henta hjelp så fort han kunne, seier Arild til Bergens Tidende. Folk frå Voss Fjellheisar festa tau rundt Arild og drog han opp frå det iskalde vatnet. - Eg vil opp att på ski i morgon! seier Arild etter «opptining» og middag på Voss sjukehus.

KJAPP REAKSJON: Stig Martin Tryti (til v.) reagerte raskt då bestekameraten Arild Samnøy hamna i elva. Men utforkøyringa skremmer ikkje. I dag skal dei tilbake i skibakken på Voss.

FOTO: RUNE SÆVIG