Ein mann ståande aleine på eit totalt nedisa skipsdekk.

Scena er frå 1986, langt nord i Stillehavet, om bord på bulkskipet «Bel Cargo» som er på veg mot Japan. Den avbilda mannen er førstestyrmann, velferdsansvarleg og brannvakt om bord. Håret er tett og mørkt, ansiktet innramma av buskete kinnskjegg. Han står på ein breibeint, karsleg måte og smiler mot fotografen. Det går mot slutten på epoken då nordmenn i tusental sigla ute i verda.

Fotografiet pryda framsida av bladet Frivakt sitt julenummer i 1986, utgjeve av Statens Velferdskontor for Handelsflåten. Til fordeling blant offiserar og mannskap om bord.

Biletet viser ein mann, Arne Ukvitne, som på dette tidspunktet har kryssa verdshava i 30 år. Har vore i 77 land, ifølgje seg sjølv. Hadde sjømannslivet i blodet. Månader og år ute, så heim att, med ein konstant lengt etter å kome seg ut igjen.

PRIVAT
PRIVAT

Men den aller største reisa gjorde han etter at han gjekk i land.

Reisa over til Anne.

Vi sit i stova hans heime i Smidjevegen, i fjellsida over jarnbanestasjonen på Voss. Veggene er dekorerte med familiebilete, fotografi av diverse tankskip på veg gjennom bølgjene samt litt sjømannskitch innimellom. Som vegguret i kopar, forma som det afrikanske kontinentet.

På bordet framfor meg ligg fleire gamle sjømannsblad. Dei fleste er utgåver av magasinet Skrivian, som var bedriftsblad for reiarlaga i Reksten-familien. Men der er også meir påfallande ting i dette huset, som i utgangspunktet altså høyrer til ein 71 år gammal pensjonert sjømann.

For eksempel eit skinande ferskt eksemplar av motebladet Elle. På bordet ved sidan av ligg ein annan bunke blad, vi ser berre det på toppen. Ein postordrekatalog med kvinneklede. Ein parykk heng tredd over ein vegglampett i motsett hjørne. Ein kanarifugl lagar leven i buret oppunder taket.

Det er på tide å høyre historia om sjømannen med dei feite kotelettane. Han som vart Anne. Ho som sit og pratar med meg nett no, på andre sidan av stovebordet.

Arne Ukvitne er fødd på heimegarden på Øvre Lid i Raundalen. Han vaks opp som einebarn på Lekvemoen ved Vossevangen. Drog ut på skuleskip som 15-åring, inspirert av ein eldre nevø. Vart fanga av sjølivet, utdanna seg til styrmann. Gift med Berit i 1963, fekk sønene Bjørn og Sverre. Etter nær 17 års ekteskap skilde Arne og Berit seg. Sjømannen Arne sigla vidare på diverse tankskip, bulkskip og lasteskip, fram til Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) vart oppretta i 1987.

Eg er lesbisk. Eg likar damer!

Sommaren dette året, på veg over Stillehavet med lasteskipet «Star Dieppe», fekk 24 norske sjøfolk om bord oppseiinga si pr. telegram. Arne Ukvitne var ein av dei. Skipet gjekk til Japan og Korea og lossa papir, for så å returnere til hamnebyen Ketchikan i sørvestlege Alaska. Her gjekk alle dei 24 norske sjøfolka i land den 15. august 1987. Bortsett frå skipperen, som no skulle få seg nytt og billegare mannskap. Sjømannen Arne, 45 år gammal, hadde uansett gjort si siste reis.

Som velferdsoffiser hadde han nok spela ei kvinnerolle eller to i sketsjar og revyar om bord. Men så langt i livet var Arne Ukvitne ein mann utan så veldig spesielle tankar om slikt som kjolar, parykkar, sminke og høghæla sko.

ALLTID KJOLE: Ein gong Anne arbeidde i hagen, sa ein forbipasserande kvinneleg arbeidskollega at ho aldri gjorde hagearbeid iført kjole. Men for Anne er kjolen alltid på plass i fritida, også ute i hagen. Her plantar ho blomar, og har alt klart oppstilt på panseret av Cortinaen.

I februar året ettervart Arne Ukvitne tilsett som portier ved Fleischers Hotell på Voss, ein jobb han framleis har. Arne går nattevakter i resepsjonen, og har fri annakvar veke. På jobb kan ikkje Arne vere Anne.

Når Arne kjem heim frå nattevakt, søv han nokre timar. Så står han opp, steller og sminkar seg, tek på kjole og parykk. Han er blitt til Anne. Heilt til han skal på jobb igjen. I frivekene er han berre Anne, heile tida. Sjølv når han steller ute i hagen er kjolen på.

- Han Arne er 71 år gammal. Anne er 55. Slik føler eg at det er! Som Anne er eg mykje yngre, mykje gladare og friare!

Etterpå ler Anne høgt. Men det er sagt på ein inderleg måte. Det er ikkje tull. Arne har endeleg blitt den personen han ønskjer å vere. Ei kvinne. Korleis kunne det bli slik?

I denne historia brukar vi heretter berre pronomena ho og henne, og namnet Anne om personen som er døypt Arne Ukvitne.

Begge foreldra levde då Anne kom heim frå sjøen for godt. Ho budde i kjellarhusværet. Anne fortel at ting byrja i det små.

- Etter skilsmissa var eg mykje aleine, og eg bar nok på eit slag sakn. Den feminine sida av meg kom sterkare fram. Eg starta med å kjøpe litt dameklede på postordre, og litt seinare i diverse butikkar her på Voss. Bad alltid om å få det innpakka, sa det skulle vere ei gåve. Men det var jo til meg sjølv, forståss.

Eit liv i løynd der nede i kjellarhusværet, iført kjolar og nylonstrømpar. Eller nailonstrømpa, som Anne seier det. Alltid med ein treningsdress innan rekkjevidd, som ho tredde over kjolane i all hast når det var skritt å høyre ute frå trappa. Stadig kikking i katalogar og dameblad, ute etter noko nytt som kunne passe.

Og stadig oftare på hytta på Mjølfjell, der ho kunne gå uforstyrra rundt i nett den klesdrakta ho ville. Skulle nokon få auge på henne der, ville dei kunne ha rapportert om ei ukjent kvinne som brukte Ukvitne-hytta.

PANSERJENTA: Anne på 1971-modell Ford Cortina 1300 og Vangsvatnet i bakgrunnen.

Utover 1990-talet byrja ei venninne av Anne å ane korleis ting hang saman. Marie Ullestad Een arbeidde i ei forretning i sentrum. Men åra gjekk, og Anne levde i skjul.

- Sjølv om eg aldri hadde vist meg for Marie i dameklede, så skjøna ho korleis det var fatt. Ei natt i 2008 bestemte eg meg for at neste dag skulle eg vise meg for henne. Eg pynta og stelte meg, tok på høghæla sko og drog ned til forretninga ved opningstida. Ho fekk meg innanfor i ein fart og sa at men Arne, tenk om det kjem nokon! Eg reiste heim utan å gjere noko meir ut av det. Ikkje då.

Men 2. mars 2010 starta NRK2 opp serien «Jentene på Toten», ein åtte episodars dokumentar om ti transepersonar i miljøet rundt Stensveen ressurssenter på Kapp på Østre Toten.

- Det var Maria som sa at dette måtte eg sjå på. Og der og då, etter å ha sett min første episode, bestemte eg meg. Hadde eg ikkje fått sjå dette programmet, så hadde eg sikkert vore inne i skapet enno.

- Neste dag stelte og kledde eg meg opp som dame, kjørte av stad og parkerte nede ved kyrkja. Så spaserte eg heile Vangsgata til ende, heilt fram til Statoilstasjonen, snudde og gjekk tilbake. Med hovudet høgt heva.

Så sette Anne seg inn i den knall oransje Forden og kjørte heim att. Det var den 26. april i 2010.

- Då eg var heime igjen, sat eg og skalv så eg hakka tenner. Men eg var også lukkeleg. For no var det gjort.

Sidan har ikkje Anne gått på Vangen utan kvinneklede. Kollegaer ved hotellet kjenner henne både som Arne og Anne.

- Dei fortel meg at eg er ein mykje meir munter og lettare person som Anne enn som Arne.

Eg gjekk i bukser i 67 år. Det held lenge for meg

Og sosialt er Anne overraska over kor mykje positivitet og støtte ho har opplevd. Ein eller to tidlegare kompisar vegrar seg for å helse, men omtrent ikkje eit ukvemsord har vore å høyre.

- Dersom folk ikkje vil helse på nokon dei kjenner, så er det dei og ikkje eg som har eit problem. Eg har ikkje noko å skjule, ingenting å skamme meg over.

Begge foreldrene var borte då Anne kom ut av skåpet. Dei to sønene hennar veit godt kor landet ligg, og ho har kontakt med dei begge. Like eins med ekskona.

Aller helst hadde Anne ønskt å bli kvinne gjennom ein kjønnsoperasjon. Men fastlegen hennar har kontant avvist forslaget.

- Han frarår det på det sterkaste. Eg er blitt for gammal. Og det aksepterer eg.

Ho veit at det er mange vrangførestellingar om transepersonar der ute. Sjølv innanfor miljøet er det ikkje full semje om alle definisjonar. Men det er nokså brei semje om at transvestisme ikkje er det same som transkjønna personar. Ein transvestitt har ikkje noko ønskje om å gjennomgå kjønnsskifte med kirurgisk inngrep. Slik sett, med sitt primære ønskje om dette, går Anne med på å definere seg som ein transkjønna person.

Innanfor transeverda er uansett den prosentvise fordelinga mellom heterofile, homofile og bifile den same som i resten av befolkninga. Sjølv er Anne i alle fall ikkje i tvil kor ho står i det landskapet.

- Eg er lesbisk. Eg likar damer!

UTSYN: Pus og Anne har godt utsyn frå stova. Herfrå ser dei nesten heile Vossevangen.

Ein annan tingho likar er Fordar.

Seinhausten 1970 gjekk farens tippekupong inn med 12 rette. Premien på 28.000 kroner rakk godt og vel til innkjøp av ein flunkande ny Ford Cortina. Av Annes flåte på tre veteranfordar er dette blåmetallic eurogliset sjølve juvelen. Men ho er også veldig kry av den knall oransje kupemodellen. Ein mid-70-tals Ford Taunus GXL.

- Eg likar spesielt godt å kjøre rundt i den oransje då. Eg vil jo at folk skal leggje merke til meg.

For Anne er kjøretøya både nostalgi og bruksgjenstandar. Dei to nemnde bilane blir brukt mest på stas, medan ein raud 1977-modell Taunus sedan må ta gråversdagane og saltsørpa.

I dag skin sola, og vi skal på kafe. Så Anne tek Cortinaen.

På høgt turtal rattar ho bilen rundt bratte svingar og fartshumpar i nabolaget, så det skranglar tungt i perlearmbanda på handledda. Fotograf Rune meiner Anne kjører som ein mann.

På kafeen møter viIrene Monsen, kollega og husøkonom på Fleischers hotell. Dei to damene får seg kaffi og jordbærkake. Irene har strikka ei rekke plagg til Anne, mellom anna kjolen ho har på seg i dag. Ho hugsar reaksjonen første gongen ho såg Anne kledd som kvinne.

- Er dette alvor, så treng han hjelp, tenkte eg.

Anne vil vite om ho tenkjer det same i dag?

- Nei, du har komt deg, hyler venninna av lått. Og meir alvorleg:

- Han Arne har redda hotellet minst eit par gonger. Det har vore både brann og ran. Han er ein tøffing, anten han går i kjole eller i bukser.

Svaret frå Anne er kort og greitt:

- Eg gjekk i bukser i 67 år. Det held lenge for meg.