Gründer-offensiv i nedgangstid
Midt i nedkonjunkturen tek ei ung gründerbedrift i Fitjar sats. Med hjelp av innovasjonstilskot.
AV: ove olderkjær
Med offshoreindustrien som kunde har Sveinung Aarskog og Håkon Vaage i Proxima Services hatt nok av oppdrag sidan starten i 2006.
Gründerane i Håkonar Næringspark i Fitjar vil ikkje lata seg stoppa av utfordringane industrien står overfor i og med finanskrisa. Ledig kapasitet vil selskapet bruka til å pønska ut nye produkt, og til vidareutvikling av ein ventil som gjer produksjon av olje og gass meir effektiv og lønsam.
Proxima Services har hatt industrinettverket Atheno som støttespelar sidan starten, og får Nyvekststøtte frå Innovasjon Norge.
– Det har vore ein fordel for oss å nytta kompetansen og nettverket til Atheno. Dei har hjelpt oss med å definera strategien framover, og med prosessen rundt kapitalinnhenting, seier Håkon Vaage.
Proxima Services har i dag fire tilsette.
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
FOTO: Odfjell Drilling