Fryktar prisdumping på arbeidskraft
Det blir prisdumping på utlendingar og kaotiske tilstandar i byggjebransjen, spår entreprenør Leif Arne Åsen.
AV: ogne øyehaug , per marifjæren
- Vi er i ein situasjon som bransjen aldri tidlegare har opplevd. Det sirkulerer titusenvis av utanlandske leigearbeidarar i marknaden, og vi står framfor ein dramatisk nedgang i aktiviteten. Korleis dette slår ut, gjenstår berre å sjå, seier Leif Arne Åsen, dagleg leiar for det Førde-baserte selskapet Åsen & Øvrelid AS, ein av dei 15 største jobbskaparane Sunnfjord i fjor.
Åsen trur utfallet blir at vi i tida framover vil oppleve dumpingprisar på utanlandsk arbeidskraft i Norge, og at dette vil få konsekvensar når norske entreprenørbedrifter skal overleve i den pressa marknaden.
Byggenæringens Landsforening ser føre seg at bransjen vil trenge 28.000 færre tilsette allereie neste år.
Ikkje under minsteløn
Ryszard Kudyba i RK Bygg har Zbigniew Kielb og fem andre landsmenn frå Polen i arbeid, mellom anna på eit forretningsbygg Åsen & Øvrelid byggjer i Førde.
Tida er blitt tøffare, seier Kudyba, men trur likevel han skal halde folka sine med oppdrag. Men prisdumping er ikkje aktuelt.
- For oss er det ikkje aktuelt å gå under minsteløn. Kvifor skulle vi gjere det, spør Kudyba.
Ein endra bransje
Sjølv om dei seriøse aktørane vil halde krava om minsteløn, er Leif Arne Åsen ikkje sikker på at dette blir malen.
- Når krybba er tom, bitest hestane. Arbeidsgjevarane kan bli freista til å skvise ut sine fast tilsette i ein slik situasjon, seier Åsen, som er dagleg leiar for eit firma med rundt 70 fast tilsette og over 200 millionar i omsetnad.
For tida har selskapet fire store byggjeoppdrag i Sunnfjord og Nordfjord, inkludert nytt politihus i Florø og den mykje omtalte meieritomta sentralt i Førde. Sist veke vart det klart at selskapet også får kontrakten på eit 1400 kvadratmeters tilbygg til Fjord1 sitt administrasjonsbygg i Florø.
|
|
Må ha meir i 2010
|
- Dei innleigde har ei avgrensa kontraktstid. Men er det noko eg misser nattesøvnen av, så er det å ikkje ha nok arbeid til våre fast tilsette, seier Åsen. - Dette er folk som har stått på og hjelpt oss fram dei siste åra. Heldigvis har vi enno litt tid på å omrømme oss i denne uoversiktlege tida vi går inn i.
Halvere eller ekspandere
Uansett har Åsen inga tru på at aktivitetsnivået vil bli like høgt som det har vore det siste tiåret.
- Vi opererer jo i eit område utan folkevekst, og gullalderen med offentleg bygging er truleg over. No er tida inne for å tenkje strategisk. Anten må vi senke driftsnivået vårt kanskje ned mot det halve, eller så må vi operere innanfor ein større radius enn i dag. Det valet har vi enno ikkje tatt, seier Leif Arne Åsen.
Men å ekspandere geografisk er eit langt steg å ta.
- Å ekspandere utan først å ha bygd seg eit nettverk og ein infrastruktur, trur eg vil gå særdeles dårleg, seier han.
Korleis trur den økonomiske krisa vil verke på arbeidsinnvandringa? Legg inn dine kommentarar under!
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
