• FOTO: Bergens Tidende

Børsen overser lakseprishopp

Sjukdom og kostnadseksplosjon hindrar lakseaksjane i å skyte i vêret i takt med lakseprisen.

Sidan slutten av juni har lakseprisen stige med over 20 prosent (sjå graf). Prisen har ikkje vore høgare sidan i februar 2007.

Men prishoppet har i mindre drive kursen på lakseselskapa i vêret. Rett før prishoppet tok til steig verdien av Marine Harvest, men den kursauken er borte i dag.

I Lerøy Seafood Group og Cermaq er aksjekursen om lag uendra sidan lakseprisen byrja å stige.

- Høgare kostnader er årsaka til at ikkje fleire aksjar har fått seg eit løft, seier aksjeanalytikar og spesialist på fiskerinæringa, Kolbjørn Giskeødegård i Nordea.

Det som var ein glimrande laksepris i 2006 er ikkje lenger like god.

22 kroner per kilo
Giskeødegård reknar med at fisken som er slakta fram til no i år har kosta oppdrettarane i gjennomsnitt cirka 22 kroner per kilo. Det er minst to kroner meir per kilo enn i rekordåret 2006.

Dyrare fôr er hovudårsaka til kostnadsauken, deretter høgare lønningar og ein renteauke som gir dyrare lån. Viktigare, og på toppen av det heile kjem problem med sjukdom, både i Noreg og Chile. Berre i Noreg i fjor reknar Giskeødegård med at pancreas desease (PD), ein sjukdom som råka bukspyttkjertelen hos fisken, kosta oppdrettarane i gjennomsnitt ei krone ekstra per kilo.

Men sjukdom råkar ikkje alle. Difor er det også større sprik i lønsemda (sjå tabell) til oppdrettsselskap i 2007 enn i 2006.

Dyrare oppdrett
Kostnadene er framleis på veg opp. Fisken som har vore slakta fram til no er fôra fram på billegare fôr enn fisken som snart skal ut i marknaden.

Dette kan fort auke kostnaden med ei krone til meiner Giskeødegård. Får han rett vil det koste oppdrettarane kring 23 kroner per kilo å få fram ein slakteklar laks. Då er ein snittpris på litt over 26 kroner, som oppdrettarane har hatt hittil i år, ikkje meir enn bransjen må ha.

Ein kostnadsauke på tre kroner per kilo i høve til 2006 utgjer cirka tre milliardar kroner i året for den norske oppdrettsproduksjonen.

Tre gode år
For eitt år sidan spådde Giskeødegård at 2007 ville bli det tredje gode året på rad for oppdrettsnæring. Trass i resultatnedgangen i høve til 2006 vart fjoråret lønsamt for oppdrettsnæringa.

Også 2008 ville blir bra, meinte han. Den vurderinga er han meir usikker på no, nettopp på grunn av dei auka kostnadene.

Fiskeolje, fiskemjøl og soyamjøl, råstoffet til fiskefôrprodusentane, har stige meir i pris enn fiskefôret. Vil fôrprodusentane greie å auke prisen til oppdrettarane for å kompensere for sin kostnadsauke?

Eller vil teikn til at kinesiske rekeoppdrettarar kjøper mindre fôr dempe prisane på fiskeolje, soya- og fiskemjøl?

- Du vil ha eit ganske stor sprik mellom selskapa. Dei beste vil drive under 20 kroner kiloet, dei verste vil vere over 25 kroner kiloet. Sjukdomsutviklinga vil forsterke skilnadene, seier Giskeødegård.

Børs ikkje best
Med unntak av trønderske Salmar - som er det mest lønsame selskapet på lista, er det dei ikkje-børsnoterte selskap som hadde den høgaste lønsemda i fjor.

Typisk, meiner Giskeødegård.

- Ser du på historia så er små familiedrivne selskap dei som gjer det relativt best, seier han.

Cermaq og Marine Harvest er begge hardt råka av store sjukdomsproblem i Chile. Lerøy Seafood sleit med sjukdom i anlegga selskapet kjøpte frå Austevoll Seafood.

Salmar derimot, har sine anlegg i Trøndelag, der sjukdomsproblema hittil har vore små.

Svaret på korleis dei børsnotere oppdrettsselskapa gjorde det i først halvår er like om hjørnet. Først ute er Cermaq, som legg fram sine tal neste fredag.

Les også

Siste fra Na24

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet