• RØMMINGSSIKKERT: Så langt i år viser den offisielle statistikken eit veldig fall i talet på fisk som stikk av frå oppdrettsanlegga.

    FOTO: ARKIVFOTO: KRISTIN LIDELL

Færre fisk på frifot

Oppdrettarane har snurpa saman nøtene. Talet på oppdrettsfisk som rømmer ligg an til å bli redusert med over 90 prosent sidan i fjor.

Les også:

– Det har vore eit veldig fokus på rømming, og det trur eg har vore til hjelp, seier Lars André Dahle, leiar i rømmingskommisjonen.

I går la han fram årsrapporten for 2007 for fiskeriminister Helga Pedersen. Ho vart også oppdatert med fersk statistikk, som viser at det per 1. kvartal i år er rømt til saman 10.016 laks, regnbogeaure og torsk frå norske oppdrettsanlegg.

Held denne trenden seg resten av året vil til saman 40.000 oppdrettsfisk rømme i år. Det svarar til 9 prosent av fisken som rømde i 2007, og 3 prosent av fisken som rømde i kriseåret 2006 – då styresmaktene etablerte rømmingskommisjonen for oppdrett.

Inspirasjon for alle
– Dette må vere ein inspirasjon for alle, til å gjere jobben enda betre, seier direktør Jens Christian Holm i kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Han meiner det er ein kombinasjon av betre utstyr og betre rutinar som ligg bak den sterke nedgangen. Rømmingskommisjonen har heva standarden på arbeid for å hindre rømming, meiner han.

– Den har vore med og profesjonalisert aktørane, seier Holm.

Ikkje nøgd
Men kommisjonsleiar Dahle vil ikkje kvile på sine laurbær. Det er framleis for mange fisk som rømmer.

– Eg trur alle er innforstått med at tala skal enda lenger ned. Vi er ikkje fornøgd. Det er framleis forbetringspunkt, seier han.

Holm i Fiskeridirektoratet åtvarar også mot å tru at faren er over.

– Det skal berre til ei rømming frå ei stor merd, så er denne statistikken øydelagt. Vi kan ikkje slappe av eitt sekund, seier Holm.

Mangelfull statistikk
Dersom oppdrettsnæringa klarer å redusere den faktiske rømminga til 40.000 fisk i året, vil omfanget liggje på eit nivå under faregrensa, i følgje seksjonssjef Raoul Bierach i Direktoratet for naturforvaltning (DN).

Då vil omfanget av rømt fisk som når gyteplassane i elvane vere for liten til at det kan få ein skadeleg verknad på utvikling av dei ville laksestammene, som til saman utgjer kring 500.000 fisk.

– Men den offisielle rømmingsstatistikken fortel ikkje alt, seier Bierach.

Problemet er at nedgang i talet på offisielt rømt fisk ikkje viser seg i ein tilsvarande nedgang i talet på oppdrettsfisk som vandrar opp i elvane.

– Det vi er opptekne av er kor mykje oppdrettsfisk du finn igjen i elvane. Det har vore for mykje oppdrettsfisk i elvane i over 20 år, og det er det som er målestokken her, seier Bierach.

Lekkasje i smoltanlegga
Ein rapport konsulentselskapet Rådgivende Biologer laga på oppdrag frå Fiskeridirektoratet i fjor, konkluderte med at det foregår ei stor og uregistrert rømming frå smolt- og setjefiskanlegga. Her går fisken til den blir stor nok til å til å setjast ut i sjøen.

2,4 millionar smolt stikk av kvart år, konkluderte rapporten.

Mykje av fisken vil stryke med før den er gyteklar, men i denne rømminga ligg likevel ei mogleg forklaring på at talet på oppdrettslaks som vandrar opp i elvane ikkje svingar i takt med endringane i den offisielle rømmingsstatistikken.

Ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet la i slutten av mars fram ein rapport med fleire framlegg til korleis smoltanlegga skal sikrast betre for å hindre røming.

Kva synest du? Sei di meining her.

Les også

Siste fra Na24

fakta/rømt oppdrettsfisk

* Rømt oppdrettslaks vert rekna som ein fare for dei ville laksestammene, fordi den kan vandre opp i elvane og fortrengje vill laks frå gyteområda.

* Til dømes er den opphavlege storlaksstammen i Vosso nesten heilt fortrengt og overlever i kummar i ein genbank i Eidfjord.

* Rømt fisk kan også spreie sjukdom. Etter fleire år med omfattande rømming skipa styresmaktene ein eigen rømmingskommisjon for oppdrett.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet