DAT vil kjøpa Coast Air-fly

Danish Air Transport (DAT) i Florø vil overta mannskapet og tre av flya til konkursramma Coast Air.

DAT-direktør Jesper Rungholm tok onsdag kontakt med Trygve Seglem i Coast Air med ønske om å overta dei tre ATR-42-flya til det konkursramma flyselskapet, skriv boarding.no.

Dei tre franskbygde flya er eigd av selskapet Kystfly, som igjen er eigd av Trygve Seglem.

Vil overta mannskapet
DAT er også interessert i å overta det flygande personalet og mekanikarane til Coast Air.

- Me vil ta positivt imot alle som vil jobba for DAT og som føler at me har ei positiv pakke å tilby, seier Rungholm til boarding.no.

Tilbud om Coast Air-ruter
Rungholm seier vidare at dei tidlegare Coast Air-tilsette i tilfelle skal jobba ved basen i Florø.

- Me ønskjer fleire norske tilsette der og me har ein svært pendlarvennleg scheduleringsavtale, som vil gjera det mogleg å bu i Haugesundsdistriktet og samtidig fly ut frå Florø, seier Rungholm.

DAT-sjefen stadfestar at selskapet har fått førespurnad frå Stord Lufthamn om Coast Air sine ruter til Oslo og Gdansk. Men han understrekar at ingenting er avgjort.

Les også:

Siste fra Na24

Fakta

Danish Air Transport (DAT)

Grunnlagt i i Danmark i 1989 av Jesper og Kirsten Rungholm

Starta med eitt enkelt fly av typen Short Skyvan SC-7

I januar 2008 omfattar flåten 10 ATR-fly og 2 Saab-fly

Har flyruter frå Florø til Bergen og Oslo, frå Stavanger til Esbjerg og Billund, og frå Bornholm til København

Bilder

TIL FLORØ? Tre av flya og mannskapet til Coast Air kan hamna hos Danish Air Transport (DAT) i Florø. FOTO: SCANPIX