-
FOTO: helge sunde
Lusealarm i Hardangerfjorden
Oppdrettarane har mista kontrollen. Klimaendringar får lakselusa til å blomstre.
AV: ogne øyehaug
Les også:
Høg sjøtemperatur i vinter og mykje oppdrettslaks å beite på har gitt lakselusa uvanleg gode vekstvilkår, så gode at oppdrettarane ikkje har greidd å halde lusemengda under kontroll i vår.
- Det er den mest sannsynlege forklaringa. Grunnen til at det kan bli utløyst på denne måten er det veldig store talet på vertar (sjå grafikk, red. merknad) du har i fjordane. Når då temperaturen er så høg klarer ikkje oppdrettarane å få ned talet på lakselus slik dei har greidd før om åra, seier forskar Steinar Kålås i konsulentselskapet Rådgivende Biologer.
Kålås er nettopp attende frå ein omfattande inspeksjonsrunde i elvane. Situasjonen er dårleg frå Sunnfjord til Ryfylke.
- Det vi såg sist vi var ute tyder på at situasjonen er like ille som i 1999 og 2000. Då vart store deler av lakse- og sjøaurebestanden skadd, seier Kålås.
Nedtur i Granvin
21 fisk på ein dag som tolvåring utløyste ein fiskefeber hos Sven-Helge Pedersen (53), som ikkje tok slutt før lakselus frå oppdrettsnæringa nesten tok knekken på alt fiske i Granvinvassdraget, tidlegare ei av dei beste sjøaureelvane i Noreg.
Pedersen hengde fiskestonga på veggen, men slapp aldri taket i lidenskapen. Han er leiar i både Hardangerfjord Villfisklag og Granvin Fiskarlag, begge organisasjonar som jobbar for sportsfisket i elvane.
Etter at oppdrettarane i Hardanger skipa Hardanger Fiskehelsenettverk, for å samordne kampen mot lakselus, har Pedersen gradvis sett mindre omfattande luseåtak på sjøauren.
Men for tre veker sidan såg han noko fortvilande. Den vesle sjøauren som i mai sumde ut i fjorden for å beite der heile sommaren vende attende i aukande mengder og kunne observerast i osen med tydelege skader etter lakselus.
Dette er ein tydeleg fluktreaksjon. Lakselus toler ikkje ferskvatn og fisken vender attende til elva for å kome unna luseplaga.
Skremde oppdrettarar
Hardanger Fiskehelsenettverk fekk i oktober 2005 miljøvernprisen frå Hordaland Fylkeskommune for innsatsen for å halde lakselusa i sjakk. Fiskehelsenettverket samordnar oppdrettarane sitt anti-lausarbeid, og er ein modell for anti-lausarbeidet også i andre område.
Fram til utgangen av april såg det bra ut, men så blomstrar lusemengda opp, fortel koordinator Ragnhild Malkenes i Hardanger Fiskehelsenettverk.
I byrjinga av juni var lusemengda fire gangar så høg som tilsvarande periode i fjor, og så stor at fiskehelsenettverket er usikker på om leppefisken - som vert sett ut i oppdrettsanlegga for å beite på lakselusa - greier å halde lusemengda i sjakk gjennom sommaren.
Malkenes meiner det for tidleg svare på om oppdrettarane har mist kontrollen før ein kan måle kva verknad leppefisken har.
Les også
Siste fra Na24
fakta/lakselus:
- Ein liten kreps som snyltar på laks og sjøaure
- Framveksten av oppdrettsnæringa har gitt lusa ein kolossal auke i næringsgrunnlaget
- Luseåtak er dødeleg i store mengder både for laks og sjøaure, og lakselusa vert rekna som eit av dei alvorlegaste trugsmåla mot dei ville fiskestammane.
- For villaksen er den kritiske perioden når laksesmolten (ungfisk) om våren vandrar til havs for å vekse seg stor. Ti lus er rekna som nok til å ta livet av fisken
- For sjøauren, som ikkje dreg til havs, men beitar i fjordane er lusa eit problem i heile perioden der fisken er ute i fjorden
- Oppdrettarane bruker gift i fôret eller kjemiske bad for å ta livet av lakselusa. Leppefisk, som et lakselus, blir også sett ut i oppdrettsanlegg
Relaterte bilder
FOTO: helge sunde