Trykket aukar mot oppdrettarane
74 politifolk og tilsette i Fiskeridirektoratet saman på seminar om rømt oppdrettsfisk er eit klart varsel om at styresmaktene skjerpar krava til oppdrettsnæringa.
AV: ogne øyehaug
BAK NYHENDA
Med kystvakta som transportselskap og oppdrettar Martin Blom som vert vitja ei gruppe politifolk i går eit av Blom sine anlegg i Herlefjorden.
Riksadvokaten er misnøgd over at politiet legg vekk mange saker der Fiskeridirektoratet har meldt oppdrettarar til politiet etter at fisk har rømt.
Turen i Herlefjorden er eit direkte resultat at Riksadvokaten si misnøye og ein del av eit seminar der politiet og fiskeridirektoratet sine folk skal utveksle kunnskap og lære kvarandre å kjenne. Målet er å få fleire av rømmingssakene som blir meldt til politiet heilt fram til rettssalen.
For storparten av politiet sine folk er vitjinga hos Blom den første turen på eit oppdrettsanlegg.
- Det viktigaste er at politifolka får sett korleis eit oppdrettsanlegg er, seier spesialetterforskar Antonio B. S. Poléo i Økokrim.
Martin Blom ser ingen problem med å sleppe politiet til på anlegget. Tvert i mot.
- Viss dei er heilt uvitande om praktiske ting så er det ikkje er bra. Det er viktig at dei er informert, seier Blom.
* Seminaret i Bergen er berre eitt døme på at styresmaktene skjerpar presset på oppdrettsnæringa for å få bukt med at fisk rømmer frå oppdrettsanlegg.
* Fiskeridirektoratet er i dag meir oppteke av problemet med rømming enn før. I handlingsplanen mot rømt oppdrettsfisk, som direktoratet lanserte i fjor, er målet null flukt og middelet ei lang rekke tiltak som no er til vurdering.
* Den offentleg rømmingskommisjonen som vart oppretta i fjor skal vurdere alle rømmingar for å finne nye tiltak mot rømming.
* Fiskeriministeren sjølv kallar den omfattande rømminga eit omdømmeproblem for næringa, og åtvarar om nye tiltak om ikkje oppdrettarane klarer å få bukt med problemet.