- Vil bli brukt for alt det er verdt

Småkraftforeninga trur dei nye fylkesplanane vil bli eit mektig verkemiddel for naturvernarane.

Les også:

- Dette kjem til å bli brukt for alt det er verdt for å hindre utbygging av småkraftverk, seier leiar i foreininga, Isak Liland.

Småkraftforeninga er sterkt kritisk til framlegget for retningslinjer for fylkesvise planar. Ikkje minst reagerer interesseorganisasjonen på at Miljøverndepartementet skal sterkare inn i bildet. I ei fråsegn til Olje- og energidepartementet skriv foreininga at framlegget i praksis fører til at Miljøverndepartementet skal godkjenne planar om småkraftverk:

- Det kan i yttarste konsekvens føre til at Miljøverndepartementet får ein betydeleg posisjon i forhold til konsesjonsplikt, noko som i dag ligg til NVE. Det er vanskeleg å tenkje seg at prosjekt i område som blir definerte som konfliktfylte, vil nå fram.

Isak Liland meiner fylkesplanane er unødvendig byråkrati som vil gje meir papirarbeid.

- Det er eit paradoks at våre største motstandarar er naturvernarane. Vassdragsutbygging gjev rein og fornybar energi og konsekvensane av småkraftverk er små.

Leiaren for småkraftutbyggjarane er frustrert over at det etter hans syn blir lagt for stor vekt på å få fram dei negative sidene av utbyggingar. Dei positive verknadene meiner han er fråverande i framlegget til retningsliner, noko Liland meiner er underleg sidan samfunne som slit med kraftunderskot.

- Rundt 1950 var det 2000 småkraftverk i landet. I dag har vi 600.

- Men dagens utbyggingar er vel meir omfattande?

- Det er korrekt. På same tid er det eit apropos at småkraftverka som blei bygde i mellomkrigstida, i dag er verneverdige kulturminne. Om 50-60 år vil det også vere tilfelle med dei små kraftverka som blir bygde i dag.

Les også

Siste fra Na24