Pengelens flyplass på Stord

Stord lufthamn på Sørstokken fekk ikkje pengar til nytt tårn og brannstasjon på statsbudsjettet.

Stord kommune eig 79 prosent av flyplassen, Hordaland fylkeskommune resten.

I stortingsproposisjonen om statsbudsjettet står det ikkje ført opp noko beløp, men det er heller ikkje med reine ord sagt at søknaden om 28 millionar statlege kroner er avslått. Ordførar Magne Rommetveit meiner det er opning for å drøfta saka nærare med samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Dei raudgrøne vil heller ikkje gje driftstilskot til dei ikkje-statlege flyplassane på Stor, Lista, Notodden og Skien.

- Vi skal klara oss utan støtte til drifta, men vi treng hjelp til investeringar når luftfartsstyresmaktene stadig kjem med nye krav, ofte ut frå EU-direktiv, seier Rommetveit.

Flyplassen på Stord oppfyller ikkje dagens krav til brannstasjon. Dessutan er tårnet i lågaste laget til dei store flya som no trafikkerer der.

Les også:

Siste fra Na24