Næring utan minister
bak nyhetene
Gjestene hos Michaela Naunheim i Tysnes er ikkje blide om dagen. Den einaste ministeren som tenkjer på dei er fiskeriminister Helga Pedersen. Og alt ho har gjort er å forsure ferien.
Les også:
Michaela Naunheim kom frå Tyskland til Tysnes for ti år sidan. Her har ho og ektemannen Michael livnært seg i reiselivsnæringa, med fisketurisme som spesiale.
17 husvære og båtutleige i Tysnes Sjø og Fritid trekkjer tyskarar, polakkar og sveitsarar til Tysnes og gir ekteparet arbeid og inntekt året rundt, og eit par-tre arbeidsplassar ekstra i høgsesongen.
Det var ein av dei utanlandske gjestene som fortalde Michaela Naunheim at det var innført forbod mot å ta med seg meir enn 15 kilo fisk ut av landet. Han hadde lese det på internett.
Tre av stamgjestene hos ekteparet Naunheim har allereie varsla at dei ikkje kjem att neste år. Med 20 prosent færre gjester blir det slutt på å leige inn ekstrahjelp, med halvering av besøket er det ikkje grunnlag for drift i det heile.
Politikarane tok sjansen på å gjere eit så omstridt vedtak som å innføre 15- kilosgrensa utan å ta næringa med på råd.
Det er lite sannsynleg at oljebransjen, oppdrettsnæringa eller bøndene ville blitt utsett for ei liknande overrasking utan å få tale si sak.
Vedtaket og måten informasjonen kom på tyder på at turistnæringa ikkje er godt nok organisert og manglar gjennomslag i politikken.
Fiskarane har sin minister. Det har ikkje reiselivsbransjen.