Prisfall og kaos i kraftmarknaden
Spådommar om skyhøge kraftprisar komande vinter kan vere gjort til skamme, etter at prisen på dei viktige CO2-kvotane stupte.
AV: ogne øyehaug
Les også:
I løpet av nokre få dagar i slutten av april vart prisen på CO2-kvotar halvert (sjå grafikk), eit prisfall som gjorde straumen 20 prosent billegare.
Det overraskande prisfallet skuldast nye tal som viser av CO2-utsleppa i EU i 2005 var langt lågare enn venta.
CO2-gassen er ein gass som mellom anna kjem frå forbrenning av fossilt brensel, til dømes i kolkraftverk. Målet for den internasjonale Kyoto-avtalen er å avgrense CO2-utslepp, fordi gassen får skulda for den såkalla drivhuseffekten, som medverkar til varmare klima.
Gjennom å dele ut utsleppskvotar og gjere kvotane til ei vare for kjøp og sal, ville EU freiste å redusere utsleppa.
Meir enn nok
Så lenge alle trudde dei utdelte kvotane var eit knapt gode gjekk prisen til himmels, drivne opp av europeiske kolkraftverk som ville sikre seg nok kvotar til å halde oppe produksjonen. Kostnadene velta dei over på kundane, og kraftprisen steig.
Kraftkablar til kontinentet syter for at straumkundar i Noreg er ein del av ein europeisk kraftmarknad. Slik smitta prisauke i EU over på oss, sjølv om overføringskapasiteten på linenettet ikkje er stor nok til at EU-prisane og norske prisar svingar heilt i takt.
Men straks rapportar i april avslørte at dei faktiske utsleppa var lågare enn dei tilgjengelege kvotane gjekk lufta ut av ballongen. I høve til dei faktiske utsleppa hadde EU-landa vore alt for generøse då kvotane vart delt ut. Kvotane var ikkje den mangelvara alle trudde dei var.
Porteføljeforvaltar Haakon Knudstad d.y. i kraftmeklarselskapet Bergen Energi seier prisfallet endrar grunnlaget for spådommane om kraftprisen til vinteren. Låge magasinfyllingar vil framleis vere med å presse prisane opp, men prisauken som skuldast CO2 kvotane er ikkje lenger så stor.
Prisfallet på CO2-kvotar i vår har isolert sett ført til at prisen på kraft har falle med cirka åtte øre per KWh (kilowattime). Knudstad meiner prisen på CO2-kvotar kan bli halvert i høve til dagens nivå, noko som vil utgjere eit ytterlegare prisfall på straum på cirka fire øre per kilowatt-time.
Fem-ti milliardar for mykje
- Feilvurderinga av CO2- utsleppa gjorde at norske hushaldningar og norsk næringsliv har betalt mellom fem og ti milliardar kroner meir enn dei elles ville gjort, seier direktør Svein Sundsbø i organisasjonen Norsk Industri.
- I storparten av 2005 førte dette til veldig mykje høgare kraftpris enn vi elles ville hatt, seier Sundsbø.
Sundsbø meiner mykje av årsaka til den høge prisen på CO2-kvotar skuldast at kraftselskapa - for å sikre seg så store kvotar som råd - sjølve melde inn at dei slapp ut meir CO2 enn dei faktisk gjer.
Usikker framtid
Det bråe og uventa prisfallet for CO2-kvotar har utløyst ny uro i kraftmarknaden. Spekulasjonane er mange om kva som vil skje både før og etter at EU ifølgje Kyoto-avtalen skal krympe kvotane frå og med 2008.
- Det er eit vanvittig politisk spel. Det er trist det du har sett frå EU dei siste åra. Det er fullstendig kaos, seier Knudstad og peikar på at politiske signal som spriker i alle retningar:
- I Tyskland trugar miljøvernministeren med å drage inn ein del av kvotane allereie no. Det vil føre til ny prisauke.
- I Frankrike og Polen vert det diskutert å flytte ubrukte kvotar over på neste periode, altså frå og med 2008. Det vil dempe dei komande nedskjeringane og medverke til å brems prisauke på straum.
- Russland - som også er slutta til Kyoto-avtalen - har stort overskot av CO2 kvotar. Om dei vel å selje overskotskvote eller ikkje vil ha stor innverknad på korleis kvoteprisane vil utvikle seg.
- EU-landa har frist til slutten av juni med å melde frå kor store CO2-kvotar dei skal ha frå og med 2008.
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
FOTO: HÅVARD BJELLAND