- Borgen-film set liv i fare

Næringslivets sikkerhetsråd åtvara NRK om at «enkeltpersoners liv settes i fare» gjennom Erling Borgens dokumentarfilm, «Et lite stykke Norge».

Les også:

Oslo

Dette går fram av ein e-post Næringslivets sikkerhetsråd (NSR) sendte til NRK 8. mars. To veker seinare bestemte NRK seg for at dokumentarfilmen ikkje skulle visast. Filmen omtalar mellom anna norsk deltaking i krigføringa i Irak og Afghanistan og bruk av våpen i Midt-Austen, delprodusert i Noreg.

–Voldelige demonstrasjoner
I brevet blir det opplyst at fleire av medlemsbedriftene er redde for kva som kan skje med tilsette i utlandet og i Noreg med bakgrunn i «den relativt labile internasjonale situasjonen». Det blir trekt trådar frå dei valdelege demonstrasjonane mot Muhammed–karikaturane til Noreg og Borgen sin film.

«Bedriftene er redde for at enkeltpersoner kan komme til skade hvis programmet medfører aggressive reaksjoner fra enkelte miljøer. Vi viser da særlig til områder hvor det har vært sterke og voldelige demonstrasjoner på grunn av karikaturtegningene og den tilknytning man mener de har til Norge.»

– Klart press
– Det er uråd å oppfatte innhaldet i dette brevet annleis enn som eit klart press mot NRK, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund til Bergens Tidende, etter å ha fått referert innhaldet i brevet.

Kringkastingssjef John G. Bernander avviser kategorisk overfor Bergens Tidende at innhaldet i brevet har verka inn på avgjerda om ikkje å sende dokumentarfilmen til Erling Borgen.

Kokkvold seier at det er svært vanleg at medie blir utsett for trugsmål og press frå ulike maktinteresser for å hindre publisering av kontroversielt stoff.

– Brevet frå Aker Kværner, som har vore mykje omtalt i dei siste dagane, er heilt normalt, og eg vil ikkje karakterisere det som uttrykk for utidig press. Men det brevet som eg nå får kjennskap til frå Næringslivets sikkerhetsråd, er av ein heilt annan karakter. Brevskrivaren gjer dette til spørsmål av nasjonal interesse. Dette er eit brev som burde ha vore offentleggjort. NRK burde sjølv ha medverka til det, ikkje minst etter at spørsmål om vising av dokumentaren vart ei offentleg sak. Ein skriv ikkje private brev til NRK om slike spørsmål, seier Kokkvold.

Ukjend for Borgen
Kokkvold meiner at det ikkje spelar noka rolle i denne samanhengen at NSR henger på ei avslutning i brevet med at NSR ikkje ønskjer å blande seg inn i de redaksjonelle disposisjonane NRK gjer, men berre ønskjer ei førehandsvarsling innan rimeleg tid.

Erling Borgen var ikkje kjent med brevet frå NSR før Bergens Tidende presenterte det for han i går.

– Dette har vore heilt ukjent for meg. Det er openbert fleire enn Aker Kværner som synest filmen eg har laga er farleg. Det har tydelegvis også utløyst ein korrespondanse som ein meinte at eg ikkje skulle ha kjennskap til. Eg lurer på om det har vore fleire brev og kontaktar til NRK. Nå vil eg diskutere denne saka med advokaten min, seier Borgen.

Han legg til at dette er andre gongen i løpet av mindre enn eitt døgn at han, via journalistar og ikkje frå NRK, får kjennskap til brev som er sendt til NRK om dokumentaren han har laga.

– Ta forholdsreglar
Direktør Kim Ellertsen i NSR opplyser til Bergens Tidende at nokon av medlemsbedriftene tok kontakt med NSR sentralt for å høyre kva organisasjonen meinte om denne saka.

– Nokre av dei var blitt kontakta av Erling Borgen under arbeidet med filmen. Vi ynskte litt djupare refleksjonar om kva som kunne skje, peike på at det kunne ha uheldige konsekvensar. Å legge seg opp i redaksjonelle avgjerder eller journalistiske prinsipp har ikkje vore noko føremål i seg sjølv. Men vi ynskte ei tilbakemelding slik at vi kunne ta dei forholdsreglane som trongst, seier Ellertsen.

Ifølgje NRK og NSR fekk NSR til svar frå NRK at filmen ikkje inngjekk i programplanane til Brennpunkt-redaksjonen.

Bernander opplyser at NRK nå vil gå i forhandlingar med Erling Borgen om sal av dokumentarfilmen for visning i TV2.

Les også

Siste fra Na24

Fakta/NSR

  • Næringslivets sikkerhetsråd er ei samanslutning av dei tyngste næringslivsorganisasjonane og bedriftene.
  • Bak organisasjonen står NHO, Rederiforbundet, Bedriftsforbundet, Telenor, Statoil, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Sparebankforeningen osv.
  • NSR skal drive rådgjeving om tryggingstiltak mot industrispionasje, narkotika, ran, terrorisme, organisert kriminalitet, korrupsjon, datakriminalitet og liknande.
  • Det er tett samarbeid med Politiets tryggingsteneste, Direktoratet for samfunnssikkerhet, Nasjonal Sikkerhetsmyndighet, Økokrim og Kripos.

Relaterte bilder

FOTO: NILS BJÅLAND