Vel uføretrygd framfor AFP
Gustav Rasmussen (61) går ut verftsporten på Stord som uføretrygda. Han kan tapa pengar som AFP-pensjonist.
Les også:
– Eg ventar på operasjon i begge hendene, og går av med rak rygg som uføretrygda dersom utrekningane til NAV stemmer, seier Gustav Rasmussen, sjukmeldt fabrikasjon- og installasjonsleiar ved Aker Kværner Stord.
– Dersom eg ikkje har misforstått, vil eg få noko meir i uføretrygd enn i avtalefesta pensjon, seier Rasmussen. Stordabuen har vore yrkesaktiv sidan han var 14, og har med sine hjarte- og isjiasplager alt lenge vore kvalifisert for uføretrygd. Men 61-åringen har likt seg så godt på jobb at han har halde ut.
– Men kroppen seier at no er det nok, seier Rasmussen, som likevel er innstilt på å halda interne kurs på bedrifta.
– For kjeften er stort sett i orden, seier Gustav Rasmussen, også kjent som morgonstevjar med ein stor, epostbasert lesarskare. Han er toleg nøgd med resultatet av oppgjeret mellom NHO og LO, men skulle gjerne sett at dei lågtløna fekk eit endå større timetillegg.
Når det gjeld uføretrygd kontra AFP, er det av styresmaktene sett i gong eit arbeid for å tilpassa trygdene til det nye pensjonssystemet.
Nestleiaren i verkstadklubben på Aker Kværner Stord, Amram Hadida seier seg godt nøgd med AFP-utfallet i årets oppgjer.
– Vi har fått god utteljing for dei 100.000 kronene vi i fjor løyvde til kampen for å halda på dagens AFP-ordning, seier Hadida.
– Men vi må bruka tid på å gå gjennom forslaget før vi konkluderer framfor uravstemminga.
– Eg er ikkje einig med dei som meiner AFP-framlegget går ut over dei framtidige generasjonar, seier Amram Hadida.
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
FERDIG JOBB: Gustav Rasmussen (61) går ut porten frå Aker Kværner Stord som uføretrygda heller enn som AFP-pensjonist. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR