Vanskeleg for mange familiar
For mange av dei 250 tilsette er situasjonen vanskeleg etter at desemberløna har uteblitt.
AV: ingvild bruaset , terje ulvedal
Les også:
Ikkje minst slit familiar der begge dei vaksne har Fundo som arbeidsgjevar. Slik tilfellet er for Ellen Lie, sekretær i fagforeininga. Ektemannen jobbar også på Fundo:
- At dette skjer i desember, ein månad der folk brukar ein del meir pengar enn vanleg, gjer det ikkje lettare, seier ho.
Hovudtillitsvald Erik Flæthe meiner dei må ha ei løysing lenge før regjeringas tiltakspakke 26. januar.
- Vi er ein del av den bildelindustrien der alle har store vanskar. Vi har ikkje meir tid.
Dagar frå konkurs Les: Fundo berre dagar frå konkurs
- Kor raskt må det på plass ei løysing?
- Vi snakkar om dagar det går an å telje på ei hand, seier Flæthe.