Usemje om vill-laksen

Stipendiat Ole Fredrik Skulstad ved Havforskningsinstituttet skuldar instituttet for å bryte med føre var-prinsippet. Det set villaksen i fare.

Striden står om eit framlegg om nye og strengare reglar for fiske etter laks i sjøen frå Direktoratet for Naturforvaltning.

Framlegget vart sendt ut på høyring like før jul. Havforskningsinstituttet (HI) kom med sin kommentar i slutten av februar.

For omfattande reguleringar, meinte HI og etterlyser mellom anna meir kunnskap om samanhengen mellom laksefisket i sjøen og det at einskilde lokale laksestammer er truga.

Krass kritikk
I ei krast brev - stila til Fiskeridepartementet og Direktoratet for naturforvaltning - kritisere Skulstad og stipendiat Olav Moberg frå Universitetet i Bergen Havforskningsinstituttet for å ha brukt manglande kunnskap som argument mot nye restriksjonar på laksefiske i sjøen.

«Alle som har vært involvert i forvaltning av fisk og vilt, vet at når man ikke vet effekten av et uttak av fisk eller vilt, ja så skal man være føre var og beskatte med største forsiktighet inntil man har innhentet nødvendig kunnskap».

I brevet ber Skulstad og Moberg om svar på om HI har hatt politiske motiv for høyringsutsegna si.

Skulstad presiserer at han uttalar seg som privatperson og som medlem av Norsk tenestemannslag.

Stopp i Sognefjorden
Direktoratet for naturforvaltning vil både avgrense fiskesesongen og regulere kor mykje laks som kan fiskast i sjøen.

I Hordaland skal det ikkje lenger vere lov å fiske etter villaks i sjøen i det heile, medan det framleis vil vere lov å fiske etter rømt oppdrettslaks frå august til ut februar.

I Sogn og Fjordane blir Sognefjorden og Førdefjorden stengt for sjøfiske etter vill laks. På kysten blir det lov å fiske frå 15. juli til 4. august.

Størst endring blir det for laksefiskarane i Sognefjorden, som har sesong fra 5. august til 28. februar i dag.

Administrerande direktør ved Havforskningsinstituttet, Tore Nepstad, avviser på det sterkaste at det ligg politiske føringar i instituttet si høyringsutsegn.

- Utsegna har vore gjennom ein grundig prosess med våre mest sentrale fagfolk. Vi står difor hundre prosent bak denne høyringsutsegna, seier Nepstad.

Les også

Siste fra Na24