Taket nådd for oppdrett?
bak nyhetene
Kor mykje oppdrett er det plass til? Det er spørsmålet som kan bli ståande etter rapportane som viser at oppdrettsnæringa ikkje har fått kontroll over lakselusa likevel.
AV: ogne øyehaug
Les også:
For oppdrettsnæringa er spørsmålet trugande fordi svaret kan vere restriksjonar i produksjonen. Færre anlegg eller færre fisk i anlegga i pressa område til dømes. Og ingen stader er presset større enn i Hardangerfjorden.
Samarbeidet mellom oppdrettarane i Hardanger Fiskehelsenettverk har vore oppdrettarane sitt flaggskip i kampen mot lakselus og eit føredøme for oppdrettarar i andre område.
No har flaggskipet fått ei breiside. Kan oppdrettarane reparere skaden?
Er det slik at temperaturauken i sjøen i vinter er eit varsel om ei varig endring vil vokstervilkåra for lakselusa også vere varig betra. Oppdrettarane får ikkje den same pustepausen som kulda hittil har gitt dei om vinteren.
Fjorden og dei ville lakse- og sjøaurestammane i den er også blitt meir sårbare enn før.
Det er ikkje slik at mangel på nye konsesjonar har hindra oppdrettsnæring i å vekse i Hardangerfjorden (sjå grafikk). Regelendringar har gjort det råd å få meir ut av kvar konsesjon.
Statistikken frå Fiskeridirektoratet viser tvert i mot at det er meir enn dobbelt så mykje oppdrettsfisk i sjøen no enn for sju år sidan.
Det betyr dobbelt så mange vertsfisk for lakselusa.
Den logiske konsekvensen skulle kanskje vere at styresmaktene har halvert kor mange lakselus som er lovleg grense per fisk, men det har ikkje skjedd.