Stoggar utan innvandrarar
Florø Mekaniske Verksted har gått frå 7 til 120 tilsette på to år. Alle nytilsette er utlendingar.
AV: ogne øyehaug , gunnar wiederstrøm
Les også:
- Utan 100.000 arbeidsinnvandrarar ville den økonomiske veksten i Noreg flata ut.
- Dei største jobbskaparane er avhengige av arbeidsinnvandring for å makte store oppdrag.
- Florø Mekaniske Verksted har gått frå 7 til 120 tilsette på to år. Alle nytilsette er utlendingar.
- Utan det store og veldig fleksible tilbodet av billeg arbeidskraft ville veksten flata ut, seier Jon Erik Dølvik. Han er forskingssjef i forskingsstiftinga FAFO og ekspert på arbeidsinnvandring.
Dølvik reknar med at det alt i alt vil vere 100.000 arbeidsinnvandrar i Noreg i kortare eller lenger periodar i år.
Det utgjer tre-fire prosent av arbeidsstyrken. Det er meir enn nok til å påverke både lønsutvikling og norsk økonomi, meiner Dølvik.
Styrka veksten
Fafo sine undersøkingar viser at bruken av arbeidskraft frå dei nye EU-landa, som Polen og Baltikum er blitt akseptert i heile næringslivet.
Dølvik sin analyse er at den store arbeidsinnvandringa har styrka veksten:
Bedriftene kan ta på seg meir arbeid enn dei elles kunne klare. Auka aktivitet i desse bedriftene har i sin tur skapt fleire arbeidsplassar hos andre.
Mangelen på arbeidskraft ville dessutan vore enda større utan innvandringa. Det er så knapt med folk i ein del bransjar at vil allereie ville hatt sterk lønnsvekst utan innvandring. Med auka lønningar stig prisane, og med prisane stig renta.
Dette seier jobbskaparane
For dei store jobbskaparane er arbeidsinnvandring heilt naudsynt:
- Aker Kværner Elektro og Aker Kværner, Stord
- Vi ville ikkje makta kontraktane våre med berre norske arbeidstakarar, seier informasjonsleiar Terje Myklebust. Ved Aker-verksemdene på Stord jobbar om lag 2500 arbeidstakarar frå 35 nasjonar.
- Norwegian Engineering & Consulting AS, Bergen
- Vi har primært rekruttert indarar frå vårt joint venture selskap i India. For ein vidare vekst må vi rekruttere utanlands, seier partner Svein Farsund.
- RadøyGruppen AS, Radøy
- Vi har ca. 20 polakkar i produksjonen. Fleire har etablert seg med familie her. Vi er avhengige av polske fagarbeidarar, seier administrerande direktør Lasse Ståløy.
- Havyard Leirvik, Hyllestad
- Utan fagarbeidarar frå utlandet hadde vi ikkje hatt høve til å vokse så mykje som vi har. Rundt 250 utanlandske arbeidstakarar jobbar her, seier personalsjef Bente Nesse.
- Aker Kværner Engineering AS, Bergen
- 130 utanlandske arbeidstakarar, hovudtyngda frå Danmark, Sverige, England og India gjer at vi har kunne vakse kraftig, seier salsleiar Jannike Wilhelmsen.
- D&F Group AS, Bergen
- Vi har nærmare 80 russarar på Ormen Lange, i tillegg til ei høgt tal på polakkar, spanjolar og britar, seier teknisk direktør Morten Walde.
- FMC Technology AS, Fjell
- Vi har oppretta eit opplæringskontor for ingeniørar i Polen, for å sikre oss fagfolk for framtida, seier marknadsansvarleg Andreas Helgesen
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
FOTO: Apneseth Oddleiv
Klikk <a href=http://www.bt.no/multimedia/archive/00294/Jobbskaparane-Sunnf_294123a.gif>her</a> får å se grafikken