Siste: Miljøvenleg lusemiddel
Eit gjennombrot for oppdrett av berggylte kan gi lakseoppdrettarane betre våpen mot lakselusplaga allereie neste vår.
AV: ogne øyehaug
Les også:
I kara hos Havforskningsinstituttet sin stasjon i Austevoll sprellar over 100.000 nyklekte berggylt-larvar. No gjeld det at flest råd overlever, slik at dei er klare til å settast ut i oppdrettsanlegg og beite på lakselus neste vår.
I dag får oppdrettarane berggylt og andre leppefiskartar levert frå fiskarar som har spesialisert seg på slikt fiske.
Problemet er berre at fiskesesongen er avgrensa til ein periode om sommaren.
Lovande utsikter
Så lenge lakseoppdrettarane berre har tilgang til villfanga leppefisk får dei ikkje ta i bruk den miljøvenlege leppefisken i stor skala før langt ut på sommaren. Det er lenge etter at høge sjøtemperaturar har fått lakselusbestanden til å blomstre opp.
Med suksess for berggylt-oppdrett kan leppefisken settast i sjøen året rundt. Tanken er å la den vekse seg stor i takt med laksen.
- Akkurat no ser det veldig lovande ut, seier forskar Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet.
Ho har arbeidd med å utvikle berggyltoppdrett i tre år, og er no i gong med eit nytt treårig forskingsprosjekt saman med oppdrettsselskapet Villa Salmon.
Leppefisk skal reinske opp
Hardanger Fiskehelsenettverk, som samordnar Hardanger-oppdrettarane sitt arbeid mot lakselus, oppmodar no alle oppdrettarane om å ta i bruk leppefisk.
Innan 14 dagar vil leppefisken har beite kraftig ned på lakselusbestanden i følgje leiar i fiskehelsenettverket, Kenneth Samland
Samland seier oppdrettarane i fiskehelsenettverket har auka bruken av leppefisk dei siste åra.
Les også
Siste fra Na24
Fakta om lakselus
- Lakselus er ein liten kreps som snyltar på laks og sjøaure. Den vert rekna som eit alvorleg trugsmål mot dei ville lakse- og sjøaurestammane.
- Gode vekstvilkår på grunn av høg sjøtemperatur er truleg årsaka til den store luseauken. på Vestlandet i år.
- Oppdrettaren brukar kjemikaliar i fôret, kjemiske bad og leppefisk for å halde lusa i sjakk.