Set bremsene på for småkraftutbygginga

Regjeringa bremser på utbygginga av småkraftverk. Småkraftforeninga meiner konfliktfylte utbyggingsprosjekt i praksis er utsette for tre år.

Les også:

Miljøvernarane vann eit viktig slag då den raudgrøne regjeringa i erklæringa frå Soria Moria gjekk inn for at det skal utarbeidast fylkesvise planar for utbygging av småkraftverk. Etter at foreininga for norske småkraftverk no har fått studert framlegget til retningslinjer for desse fylkesplanane, meiner dei naturvernarane har innkassert ein ny triumf. Handsaminga av søknader om småkraftverk frå område der det kan vere konfliktar, kjem nærast automatisk til å bli utsette til minst 2009 då dei første fylkesplanane skal vere ferdige.

- Konfliktfylte utbyggingar blir lagt på is, meiner Isak Liland, styreleiar i Småkraftforeninga.

- Ikkje alle
I framlegget til retningsliner slår departementet fast at det er behov for å auke tilgangen på fornybar og miljøvennleg energi. Men så heiter det vidare: «Det er derfor ikke aktuelt å utsette behandlingen av alle prosjekter til den fylkesvise behandlingen er avsluttet. Samtidig kan det vere hensiktsmessig å utsette behandlingen av prosjekter som er lokalisert i områder med særlig planleggingsbehov, og som kan gi en dårlig forvaltning av vassdragsressursene og miljøverdiene i området samlet sett».

- NVE har kapasitet til å handsame 30-50 utbyggingssøknader i året. Alt no har dei liggjande kring 250 søknader. Då er det nærliggjande å tenkje seg til at alle søknader som kan ha kontroversar i seg, vil hamne i skrivebordsskuffa, seier Liland.

- I departementet ligg det no ei rekkje utbyggingssaker som er anka. Kva vil skje med desse?

- Det har vi ikkje fått signal om. Men vi kjenner til at mange syns sakshandsaminga har teke svært lang tid. Det blir spennande å sjå om også desse ankesakene vil bli utsette.

Bruke fornuften
Olje- og energidepartementet avviser at konfliktfylte utbyggingar er parkerte.

- Det er ikkje det som ligg i dette. Saker der det er søkt konsesjon går sin gang. Det vi har sagt er at det skal utvisast fornuft, ting skal sjåast i samanheng, seier politisk rådgjevar Anne Tingelstad Wøien.

Ho viser til Fjærlandsfjorden som eitt døme. Der søkte selskapet Småkraft i samarbeid med 20 grunneigarar om å byggje ikkje mindre enn fem småkraftverk. Så mange at Sogndal kommune til slutt avgjorde å lage ei samla vurdering, som no er ute på høyring.

Tingelstad Wøien forsvarar framlegget om fylkesplanar med dei mange søknadene. Sjølv om det er viktig å utnytte kraftpotensialet i små vassdrag, er det også å sikre andre vesentlege verdiar frå å gå tapt.

- Det er i mange tilfelle heilt nødvendig å vurdere enkeltprosjekt i ein større samanheng.

Verdigrunnlag
Målet med fylkesplanane er at dei skal styrke grunnlaget for ein heilskapleg vurdering av søknadene. I tillegg skal dei sikre at mangfaldet i naturen, sjansen til å utøve friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt.

Hovudprinsippet er at område der småkraftverk kan bli kontroversielle, skal kartleggjast for eit sett av verdiar. Som døme på slike verdiar blir nemnt biologisk mangfald, verdfulle landskapsområde, inngrepsfrie naturområde, inngrep i sårbare høgfjell, friluftsliv, verknader for fisk, reindrift og kulturminne.

Les også

Siste fra Na24

FAKTA

* Småkraftverk er kraftstasjonar som produserer frå 1 til 10 MW. NVE reknar at småkraftverk har eit potensial på 25 TWh.

* I eit normalår er norsk kraftproduksjon rundt 120 TWh.

* Potensialet er størst i Sogn og Fjordane, Hordaland og Nordland.

* Etter at straumprisane tok til å stige, har det blitt meir attraktivt å søkje utbygging. Dette har ført til aukande konfliktar med verneinteressene.

Relaterte bilder

STORE INNTEKTER: Sagevik Kraftverk i Dalsfjorden er eitt av fleire små kraftverk som er bygde siste åra. No kan det bli vanskelegare å få gjennomslag.ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH