Høgre vil ha meir oppdrett

Høgre vil oppheve reguleringar som bremsar veksten i oppdrettsnæringa.

Les også:

Det endelege målet er å fjerne dagens konsesjonssystem. Den einaste reguleringa som skal stå att, er reguleringar som hindrar miljøskadar på grunn av oppdrett. Det kortsiktige målet er å la oppdrettarane få auke produksjonen i dei konsesjonane dei eig, og også dele ut nye konsesjonar.

Dette går fram av eit framlegg som mellom andre stortingsrepresentant Torbjørn Hansen frå Hordaland legg fram for Stortinget. Næringa treng vekst for å halde på lønsemda, samstundes som norsk sjømat kan vere med å hjelpe på matvaresituasjonen i verda, argumenterer Hansen. Ein av grunnane til at Høgre kjem med framlegget no, er at fleire oppdrettsselskap er i ferd med å nå taket for kor mykje dei kan produsere etter dagens regelverk.

Les også

Siste fra Na24