• SLIT: Felgfabrikken i Høyanger har slite tungt i fleire år.

Frå vondt til verre for Fundo

Dei tilsette ved felgfabrikken Fundo i Høyanger får heller ikkje i dag utbetalt desemberløna.

Les også:

Situasjonen er kritisk for den store felgprodusenten. 240 tilsette fekk ikkje utbetalt månadsløna for desember. Utbetalinga skulle gått inn på konto mellom jul og nyttår.

Dei tilsette var lova å få løn i dag, men det skjer heller ikkje.

Ifølgje firda.no skal det vere Fundos banksamband som har sett foten ned. Tillitsvald Erik Flæthe seier at det er kalla inn til informasjonsmøte på bedrifta i dag.

Les også

Siste fra Na24