Ellevill lønnsfest

Bedrifter lokker med bonus og lønnsøkning som aldri før for å holde på arbeidsfolkene.

Les også:

35.000 kroner i lønnshopp på to år og bonus på toppen. Etter over 20 år i bransjen har forskalingssnikkar Leif Helge Miljeteig aldri opplevd maken til lønnsvekst.

Etterspørselen etter folk til byggebransjen er no så stor at dagleg leiar Fred Nilsen i Hardangerfirmaet Byggservice tek det lokale lønnsoppgjeret neste år på forskot. Han trur lønnsauken blir nesten dobbel så høg som regjeringa legg opp til i statsbudsjettet for 2007. Nilsen spår eit tillegg på sju prosent også neste år, nett som Miljeteig og kollegane fekk i år.

Arbeidstakars marknad
- Årsaka er enkelt og greitt presset i arbeidsmarknaden. Det er arbeidstakars marknad. Vi er rett og slett nøydde til å strekkje oss elles misser vi folk, seier Nilsen.

I tillegg til den direkte lønnsauken i år har Byggservice også innført to bonusordningar:

* 10 prosent av overskotet etter skatt skal delast på dei tilsette.

* Kvar ubrukt eigenmelding vert løna med 1500 kroner. Til saman kan dette gi 6000 kroner ekstra i året.

Spår lønnseksplosjon
Lønnsauken i Byggservice er høgt over dei 3,5 (2006) og 4,5 (2007) prosentane regjeringa reknar med i statsbudsjettet for 2007. Statistisk Sentralbyrå, som er litt meir optimistisk på lønnstakarane sine vegner spår fire og fem prosent for dei same åra.

Rune Norbakk i rekneskapsbyrået Visma seier kampen om arbeidskraft er merkbart skjerpa dei siste tre-fire månadene. Han trur også Statistisk Sentralbyrå sine vurderingar blir gjort til skamme og at lønnsauken kan slå ut i auka prisstigning allereie i år.

- Viss halvparten av næringslivet skal tilsette nye folk og den andre halvparten ikkje skal seie opp nokon, kan eg vanskeleg sjå at fem prosent blir nok, seier Norbakk.

Norbakk og Visma har eit omfattande kontaktnett i næringslivet, spesielt hjå små og mellomstore bedrifter. Den årlege undersøkinga Visma sjølv gjennomfører hos sine kundar, viser at små og mellomstore bedrifter no har så store vanskar med å få tak i folk at dei må seie frå seg oppdrag.

Lønnshopp utanom tur
I vår måtte Sven Reinert Svanberg hos Stord Offshore auke lønene med mellom fire og fem prosent. Det skjedde heilt utanom alle lønnsoppgjer. Svanberg måtte berre henge med då bedriftene rundt han skrudde opp lønene.

Stord Offshore byggjer aluminiumskonstruksjonar til skip og offshoreinstallasjonar. I dag har bedrifta 195 tilsette, meir enn dobbelt så mange som i 2004. No er Svanberg i gang med dei lokale lønsforhandlingane. Han vil ikkje kommentere kva han trur blir utfallet, men seier kampen om arbeidskrafta ikkje har letta.

- Det er ein pressa arbeidsmarknad, seier Svanberg.

Telefonar heim
Forskalingssnikkar Miljeteig er midt i innspurten med eit pumpehus som Byggservice byggjer for Statkraft i Mauranger. Han fortel om telefonar heim frå byggefirma som gjerne skulle hatt meir arbeidskraft.

Kollegaen, Knut Tungesvik, tippar han kunne funne seg ny jobb på ti minutt.

- Eg treng ikkje det ein gong, seier Miljeteig.

Regiondirektør Norbakk i Visma trur lønsauken vi ser i haust berre er byrjinga. Neste år blir eitt av dei beste åra for lønstakarane nokon sinne.

- Dei vil ha høg forhandlingskraft, spesielt faglærte og høgare utdanna. Som arbeidsgjevar er det med skrekkblanda fryd eg ser på neste lønnsoppgjer, seier Norbakk.

fakta/jakta på arbeidskraft

* I samband med artikkelserien «Jobbskaparane», som startar i dag, har Bergens Tidende snakka med over 400 bedrifter

* Gjennomgangstonen er mangel på folk og kraftig lønsvekst

* Regiondirektør Rune Norbakk i rekneskapsbyrået Visma spår at lønsauken vil slå ut i høgare prisar, og at prisauken kan vise seg allereie i år





Les også

Siste fra Na24

Relaterte bilder

ETTERTRAKTA: Lars Helge Miljeteig og Knut Tungesvik er i innspurten med eit pumpehus Byggservice byggjer for Statkraft i Mauranger. Forskalingssnikkarar er ettertrakta arbeidskraft og arbeidsgjevaren trur han må auke lønene med sju prosent også neste år for å halde på dei tilsette. FOTO: TOR HØVIK FOTO: Høvik, Tor