Desember-løn i januar

Dei tilsette ved bilfelgfabrikken Fundo Wheels i Høyanger vil få desember-løna si utbetalt torsdag 8. januar, opplyser hovudtillitsvald Erik Flæthe.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Flæthe at dei berre må akseptere å få ut løna meir enn ei veke på etterskot. Fundo er oppe i ei akutt likviditetskrise, og skal førstkommande mandag møte i skifteretten.

Det er vedlikehaldsleverandøren ISS Industri AS som har kravd felgprodusenten konkurs.

Stor gjeld
Felgfabrikken i Høyanger har slite tungt i fleire år. Dei to siste åra har selskapet hatt underskot på 46 og 34 millionar kroner. Den canadiske eigaren Timminco har punga ut, og etter kraftige kostnadskutt balanserte drifta første halvår.

Så kom finanskrisa, og med den ein drastisk reduksjon i salet hos Fundos kundar i europeisk bilindustri. Svikt i bilsalet fører i neste omgang til problem for industrien som lagar bildelar.

Ein resultatrapport ved inngangen til oktober fortel om ein situasjon som brått forverra seg. Fundo hadde eit oppsamla resultat på minus 38,7 millionar, og selskapet sleit tungt med å betale rekningane sine.

Utviklinga dei siste par månadene har gjort situasjonen endå vanskelegare. Selskapet skal ha ei gjeld på over 50 millionar kroner.

Ber om hjelp
- Om ikkje regjeringa hjelper oss over denne krisa, vil heile den norske industrien som lagar bildelar slite hardt på nyåret. Men vi har tru på det vi driv med. Og så langt har ingen i styret sagt noko om at drifta skal ta slutt, sa tillitsvald Flæthe til NA 24 Bergen like før jul.

I staden for vanleg juleferie på 14 dagar, fekk dei Fundo-tilsette fri tre veker i år. På dette sparer felgfabrikken mellom tre og fire millionar kroner.

Tidlegare i haust blei det kjent at eigarane jobbar med ein pakke for å sikre framtida. Sentralt står ein heilt nye type felg, eit todelt hjul som Fundo har brukt mange år og mange titals millionar kroner på å utvikle. Høyangerbedrifta har patent på den unike felgen som både er lettare og sterkare enn tradisjonelle bilfelgar.

Ein strategi for det hardt pressa selskapet kan vere å byggje ned produksjonen av tradisjonelle bilfelgar, og satse tungt på det todelte hjulet dei er åleine om. Men for å få til dette trengst store investeringar på bortimot 200 millionar kroner i åra framover.

Les også

Siste fra Na24