Dagar frå konkurs
Tilsette på Fundo er rasande, og gjev DnB NOR skulda for at dei ikkje får løn.
AV: ingvild bruaset , terje ulvedal
Les også:
Banken meiner felgfabrikken har gjort seg skuld i avtalebrot. Høyanger-bedrifta er dagar frå konkurs.
I går var dei tilsette lovde å få månadsløna dei eigentleg skulle fått utbetalt 29. desember. Men ikkje ei krone kom inn på kontoane til dei kring 250 tilsette. Dei fagorganiserte på hjulfabrikken i Høyanger skuldar på DnB NOR i Bergen som denne veka sa nei til å gje Fundo meir kreditt.
- Alle har vel fått med seg kva støtte DnB har fått frå staten, for nettopp å vere i stand til å handtere finanskrisa. Og så gjer dei dette. Folk er sinte og frustrerte, seier tillitsvald Erik Flæthe i den største fagforeininga, Fellesforbundet.
Må selje under takst
Les: Må selje bustader langt under takst
Tenkjer på seg sjølv
Felgfabrikken hadde avtale om kassakreditt på inntil 55 millionar kroner hos banksambandet. Men tysdag gjorde DnB det klart at dei stoppa kreditten, i påvente av ei avklaring om det vil lukkast å få inn ny kapital til å drive selskapet vidare. Fundo-leiinga prøvde å få gjort vedtaket om, men banken stod på sitt.
- Vi er mange som meiner DnB NOR tilgodeser seg sjølv framfor både tilsette og andre kreditorar, seier Flæthe?
- Kva meiner du med det?
- Banken reduserer si eksponering i bedrifta utan at andre kreditorar kan gjere det same. Ein bank har fordelar andre kreditorar ikkje har, og det nyttar DnB NOR seg av. Eg kan heller ikkje sjå at banken har fått ny informasjon siste dagane som dei ikkje har hatt før.
Vanskeleg for mange familiar
Les: Vanskeleg for mange familiar
Meiner Fundo braut avtale
DnB NOR forklarar sin handlemåte med at Fundo har forsømt bankens vilkår.
- Vi meiner selskapet har brote avtalen vi har med dei. For oss var det ein føresetnad at eigarane skulle stille kapital til disposisjon. Det har ikkje skjedd, seier informasjonsdirektør Morten Skauge.
Han fortel at dei har jobba hardt for å kome til en løysing, og skjønar at dei tilsette er forbanna på situasjonen.
- Eg forstår veldig godt at dette er vanskeleg og fortvilande for dei tilsette. Det er i alles interesse å finne ei løysing, men det er ein føresetnad at eigarane er villige til å kome på bana med frisk kapital, seier Skauge.
Krisemøte i Oslo
Denne veka har det vore fleire møte på høgt hald i Oslo for å få til ein redningspakke. Eigarane av felgprodusenten, den største er Høyanger kommune, har vore i møte med Innovasjon Norge. I går ettermiddag møtte kommunetoppane næringsminister Sylvia Brustad.
- Vi har diskutert ulike alternativ, utan at eg vil vere meir konkret, seier ordførar Kjartan Longva. Han legg ikkje skjul på at situasjonen er kritisk:
- Det fortel vel ganske mykje at banken stoppar kassakreditten.
Må skje raskt
Fundo-direktør Hroar Holm Carlsen opplever situasjonen som svært vanskeleg:
- Det er tøft. Heile Høyanger-samfunnet er avhengig av Fundo, anten direkte eller indirekte. Dette er ein ubehageleg situasjon å vere oppe i.
Han skal i dag i møte med DnB NOR for å diskutere vegen vidare.
- Ting må skje fort. For at vi skal kunne betene kundar som normalt, må produksjonen kome i gang att førstkommande måndag, seier direktøren.
Han fortel at det blir arbeidd med ei todelt løysing for å skaffe kapital, slik at banken igjen vil opne kassakreditten.
- Vi håpar på støtte frå Innovasjon Norge, i tillegg arbeider vi med å stable noko privat kapital på beina.
- Fryktar du at Fundo skal gå konkurs?
- Vi kan ikkje utelukke det, men eg har tru på at vi skal få til andre løysingar, seier direktøren.
Les også
Siste fra Na24
Fakta
* Fundo Wheels i Høyanger produserer aluminiumsfelgar. På kundelista står nokre av dei største bilprodusentane i Europa, som Audi og Volvo.
* Felgfabrikken er mellom dei største arbeidsplassane i Sogn, og hadde i fjor langt over 300 tilsette. No er dette redusert til rundt 200 årsverk. 100 tilsette er permitterte, resten har vore på ekstra lang juleferie.
* Fundo har hatt store økonomiske vanskar. Desse har blitt forsterka av finanskrisa, og vanskane den har ført til for bilindustrien.
Relaterte bilder