DAT-direktør Jesper Rungholm tok onsdag kontakt med Trygve Seglem i Coast Air med ønske om å overta dei tre ATR-42-flya til det konkursramma flyselskapet, skriv boarding.no.

Dei tre franskbygde flya er eigd av selskapet Kystfly, som igjen er eigd av Trygve Seglem.

Vil overta mannskapet
DAT er også interessert i å overta det flygande personalet og mekanikarane til Coast Air.

- Me vil ta positivt imot alle som vil jobba for DAT og som føler at me har ei positiv pakke å tilby, seier Rungholm til boarding.no.

Tilbud om Coast Air-ruter
Rungholm seier vidare at dei tidlegare Coast Air-tilsette i tilfelle skal jobba ved basen i Florø.

- Me ønskjer fleire norske tilsette der og me har ein svært pendlarvennleg scheduleringsavtale, som vil gjera det mogleg å bu i Haugesundsdistriktet og samtidig fly ut frå Florø, seier Rungholm.

DAT-sjefen stadfestar at selskapet har fått førespurnad frå Stord Lufthamn om Coast Air sine ruter til Oslo og Gdansk. Men han understrekar at ingenting er avgjort.