Comeback med hightech
Brødrene Aa er tilbake i føringa i norsk hurtigbåtindustri. Som vanleg takka vere evna til å skaffe seg eit teknologisk forsprang.
AV: ogne øyehaug
Les også:
- Dei er veldig langt framme teknisk. Det er veldig få andre som har klart å utvikle produksjon og slått gjennom i marknaden, seier seniorrådgivar Egil Jullumstrø i Marintek.
Marintek, ein del av SINTEF-stiftinga i Trondheim, har spesialisert seg på ingeniørkunst for båtbyggarbransjen og vore ein sparringpartnar for Brødrene Aa, også etter at firmaet satsa på å ta i bruk det nye materialet: Kolfiber.
Bønder og båtbyggarar
Comebacket til hurtigbåtbransjen gjorde Brødrene Aa Aa til ein av dei største jobbskaparane i Nordfjord i fjor. Arbeidsstokken auka med 12, til 50 tilsette. No er den på veg mot 60.
For dei få hundre innbyggjaren i Hyen er Brødrene Aa den største arbeidsgjevaren i bygda, og framleis er det mange som kombinere gardsbruket med jobb på fabrikken.
Vegen ut Hyen-fjorden, som kom på 80-talet, opna for pendling frå kommunesenteret Sandane. Minibussen som er sett opp i arbeidsrute er full kvar dag.
Må finne på noko
Tidleg på 90-talet så det dårleg ut. Selskapet forskreva seg på store kontraktar, utvida, og gjekk konkurs.
Men familien kjøpte fabrikkbygget attende for ein billeg penge, etterspørselen etter eit fabrikkbygg inst i Hyenfjorden er ikkje akkurat det største.
Så starta dei opp i det små. Skal vi bu her må vi finne på noko, tenkte dagleg leiar Tor Øyvin Aa.
Den første tida var det ingen tilsette, berre folk innleigd frå oppdrag til oppdrag.
Etter kvart balla det på seg. På oppdragslista står støypte frontar til både fly- og langdistansetog, delar til mineryddingsfarty og deksel til undervassinstallasjonar i Nordsjøen.
Ny epoke
Kolfiber og vakuuminjisering fekk firmaet til å satse på båt på nytt.
- Det er klart det ligg mykje båt i veggene her, seier Tor Øyvin Aa.
Men vegen attende som båtbyggjar var lang og diskusjonane mange.
- Hurtigbåtbygging er ein av verdas vanskelegaste bransjar, det er det ingen tvil om. Ikkje berre på grunn av teknologiske utfordringar, men også på grunn av innteninga, seier styreleiar Leif Riksheim.
I fjor fekk Brødrene Aa Aa driftsinntekter på 78 millionar kroner og sat att med eit overskot på åtte. Det er der det bør vere, meiner Riksheim.
- Vi ser på karbon og vakuuminjisering som ei heilt ny epoke for oss, seier Aa.
Kuttar vekt
Målet no er å å ta spranget frå båtar på inntil 28 meter til 40 meter lange farty med plass til 250-300 passasjerar.
Lågare vekt er det store poenget med kolfiber i staden for glasfiber eller aluminium.
- I høve til aluminium er det snakk om 20-30 prosent lettar skrog, seier Egil Jullumstrø hos Marintek.
Lågare vekt gir reiarlaget valet mellom større fart eller lågare drivstoff-forbruk, det siste eit viktig poeng med stigande drivstoffprisar og aukande miljøavgifter.
Les også
Siste fra Na24
Relaterte bilder
ATTENDE I BÅTBRANSJEN: Bruken av det nye materialet kolfiber førte Brødrene Aa atten-de til snøggbåtindustrien. I dag har verksemda tre båtar under bygging og vart ein av dei største jobbskaparane i Nordfjord i fjor. FOTO: ODDLEIV APNESETH
STARTA PÅ NYTT: Tor Øyvin Aa er andre generasjons båtbyggar i Hyen. Etter konkursen tildleg på 90-talet kjøpte han og syskena fabrikken attende og starta på nytt. FOTO: ODDLEIV APNESETH
NY EPOKE: 30 års erfaring med glasfiber og plastmaterilae kom godt med då Brødrene Aa tok steget over i kolfiber-alderen. Her frå støyping av ein båtseksjon. FOTO: ODDLEIV APNESETH