Austevoll-rømming blir granska
Rømminga av 100.000 oppdrettslaks frå Sjøtroll-anlegget i Austevoll blir den første saka den nye rømmingskommisjonen tek fatt på.
AV: ogne øyehaug
Kommisjonen, som vart oppretta for å få bukt med rømminga frå norske oppdrettsanlegg, skal ha sitt første arbeidsmøte i Florø i byrjinga av desember.
Den store rømminga frå Sjøtroll er den første kommisjonen vil ta tak i, stadfestar sekretær for utvalet, Axel R. Anfinsen i Fiskeridirektoratet.
Hundre tusen laks stakk av då ei merd rivna i byrjinga av november. Det er ei av dei største rømmingane i år, og kommisjonen har allereie engasjert ein tekstilingeniør for å sjå på nota.
Blussa opp
Over 660.000 laks og aure har rømt frå oppdrettsanlegg hittil i år. Stormane sist vinter førte til at cirka 300.000 fisk stakk av. Deretter var det roleg fram til i haust. Så var det lite røming før det blussa opp igjen i haust.
- Det som har skjedd i haust har eit omfang som overraskar meg, seier Anfinsen.
Skal finne årsaker
Rømmingskommisjonen vart oppretta etter langvarig kritikk mot oppdrettsnæringa, fordi den ikkje har lukkast i å få kontroll over rømminga frå anlegga.
Frykta for rømminga skuldast faren for at rømt fisk spreier lakselus, og at fisken trekkjer opp i elvane og gyter slik at arveeigenskapane til dei ville laksestammene gradvis blir endra.
Målet for kommisjonen er å kartlegge årsaka til rømmingane og sørgje for at styresmaktene og næringa trekkjer lærdom av feila.
Skjerpar krava
Etter ein treg start er dei fleste oppdrettsanlegg godkjent etter krava i den såkalla Nytek-forskrifta.
Forskrifta vart innført i 2004. Den stiller krav om dokumentasjon av at anlegg tilfredsstiller krav til teknisk standard.
Styresmaktene arbeider med å endre forskrifta. Det er spesielt to endringar som blir debattert, påpeikar Anfinsen:
At også nye oppdrettsanlegg skal totalvurderast. I dag er det berre krav om at komponentane i eit anlegg skal vurderast kvar for seg.
At undersøkinga av ein oppdrettslokalitet - mellom anna for å kartlegge straumtilhøve - skal godkjennast av eit akkreditert organ.