Analysemangel hindrar oppklaring

Manglande analyser frå Havforskningsinstituttet seinkar jakta på kven som har ansvaret for ei stor lakserømming i Hordaland før jul.

Les også:

På heimesidene sine skryt Havforskningsinstituttet (HI) av DNA-analysemetodar for å spore kjelda for rømt oppdrettsfisk.

Men over tre månader etter at Fiskeridirektoratet bad om hjelp til å gjere slike analyser, har Havforskningsinstituttet enno ikkje svart.

Fleire munnlege purringar har heller ikkje gitt noko resultat.

– Vi skulle gjerne ha fått analysane tidlegare, seier Vidar Baarøy i Fiskeridirektoratet.

Juletorsk var laks
Då Anders Bjelkerøy skulle trekkje garna i Raunefjorden like før jul i fjor, håpa han på feit og fin juletorsk.

I staden var dei fulle av rømt oppdrettslaks.

– Normalt får eg ein til to laks i året. No har eg fått 50 store laksar på tre dagar. Eg skulle ønskt det var torsk som gjekk i garna, ikkje desse lakseruggane, sa Bjelkerøy.

Den fjerde dagen vart det også fangst, 19 laks denne gongen.

Men kvar kom fisken frå? Fiskeridirektoratet sine undersøkingar var fånyttes, og ingen oppdrettarar melde frå om rømmingar.

Dermed ville Fiskeridirektoratet ta i bruk DNA-analyser. Prøver frå fisk i fem oppdrettsanlegg vart samla inn og lagra på fryseriet, i påvente av at Havforskningsinstituttet kunne analysere genmaterialet og samanlikne det med prøver frå den rømde fisken.

Prøvene ligg framleis på lager.

Er i gang
Kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft på Havforskningsinstituttet seier HI er i gang med analyser frå Fiskeridirektoratet.

– Vi har hatt munnleg kontakt med Fiskeridirektoratet om dette, og levert deler av det, og held på å analysere resten, seier Østervold Toft.

Når analysane er ferdig, kan ho ikkje seie.

I følgje direktør Jens Christian Holm i kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet gjeld arbeidet HI har gjort prøver som vart sendt inn etter ei større rømming frå Nord-Noreg, ikkje prøvene frå Hordaland.

Les også

Siste fra Na24