– Fiskarane øydelegg for turistnæringa
Fiskarane øydelegg for turistnæringa, og har fått alt for stor makt i striden om turistfisket. Det meiner reiselivsforskar Trude Borch.
AV: ogne øyehaug
Les også:
– Norges Fiskarlag har ført eit massivt korstog mot fisketurismen i 10 år, seier Borch.
Resultatet av presset frå fiskarlaget er eit forbod mot å ta med seg meir enn 15 kilo fisk heim.
15-kilosgrensa trugar den veksande fisketuristnæringa og vedtaket byggjer på manglande kunnskap, meiner Borch.
Ho er seniorforskar ved Norut Samfunnsforsking i Tromsø, der ho mellom anna arbeider med ein doktorgradsavhandling om fisketurisme.
Fiskarane står for sterkt
Borch meiner striden om fisketurismen er eit døme på korleis ei sterk gruppe kan utnytte mangel på kunnskap for å fremje sitt syn.
– Fiskarane oppfører seg som om dei eig fiskeressursane. Reiselivsnæringa har i veldig liten grad blitt høyrd seier Borch til Bergens Tidende.
Vi veit lite både om omfanget og konsekvensane av turistfisket, både økologisk og økonomisk. Debatten rundt turistfiske er bygd på dårleg dokumenterte påstandar, meiner Borch.
Trass i at fisketurismen har vore ei rask veksande næring, som gir inntekter og arbeid i kystdistrikta er omtalen i media dominerte av negative oppslag, i fylgje Borch. Det handlar om smugling av sprit og tobakk, turistar utan sjøvett, turistar som ikkje legg att ei krone og ikkje minst turistar som køyrer heim med bilen fullstappa av fisk.
Sporv med kanonar
Borch har også lite til overs for argumentet om at turistfisket må avgrensast for å verne kysttorsken.
Havforskarane har for fjerde år på rad bede om at det ikkje vert fiska kysttorsk – som er ei rekke eigne stammar langs kysten – inntil kysttorskstammane har teke seg opp igjen.
Er det slik at torskestammane på kysten er meir vare for utlendingar som berre fiskar med pilke og stong, enn for nordmenn som også kan bruke garn og line, spør ho ironisk.
Borch ser for seg fleire tiltak som kan verne kysttorsken:
- Fiskestopp (for alle) i visse fjordar eller område i heile eller delar av året..
- Forbod mot å fiske truga artar. Det betyr at truga artar, som torsk, må settast ut igjen. Vanleg i sportsfiske i utlandet.
- Grense for kor mange fisk kvar turist får ta opp per dag. Prinsippet er brukt både i småviltjakt og laksefisket i elvane.
Slike tiltak er langt meir presise enn ei utførselsgrense på 15 kilo for turistane, og trugar ikkje ein del av turistnæringa som gir vel så gode ringverknadar for samfunnet som tradisjonelt fiskeri, meiner Borch.
Les også
Siste fra Na24
fakta/ turistfiske
- Fiskeriminister Helga Pedersen har bestemt at ingen utanlandske turistfiskarar får ta med seg meir enn 15 kilo av fangsten heim. Reiselivsnæring fryktar kundetap.
- Oppblomstringa i fisketurismen har provosert dei profesjonelle fiskarane, fordi den har skjedd samstundes som kystfiskarane er mø tt med større restriksjonar og aukande press for å bli meir effektive. Difor har fiskarane pressa på for å avgrense turistfisket.
- Ein over fire år gammal rapport frå Norges Fiskerihø gskole og Universitetet i Tromsø konkluderer med at utanlandske fisketuristar fiskar cirka 13.400 tonn fisk og legg att 2,3 milliardar kroner årleg på reise og opphald i Noreg.
- Havforskingsinstituttet skal gjennomføre ei grundig kartlegging av omfanget av turistfisket. Arbeidet vil ta tre år, og vil mellom anna vurdere turistfisket sin innverknad på fiskestammane langs kysten. Den førre regjeringa vurderte å innføre ei grense på 25 kilo. I samband med den vurderinga meinte havforskarane at ei grense på 20 kilo kunne vere passe.
Relaterte bilder
ÆRRE TYSKARAR?: Dei kan sløye fisk, tyskarane som ferierer i rorbuene på Glesvær på Sotra. Turistnæringa fryktar at den nye utførslegrensa på 15 kilofisk for turistar vil føre til at tyskarane vel andre reisemål enn Noreg. ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN