Mange små i kø

Nye vaksinedosar mot svineinfluensa er på plass. Onsdag var over 1400 personar innom Brann stadion.

Les også:

Då dørene opna like før klokka ni i dag tidleg, stod køen på Brann stadion til langt utanfor. Først klokka halv ti blei dei første svineinfluensavaksinene sett.

– Grunnen er kapasitetsproblem med å trekka opp vaksinen i sprøytene, seier informasjonsdirektør Robert Rastad i Bergen kommune.

I halv elleve-tida blei det derfor henta ekstra personell som kunne hjelpa til med opptrekkinga.

I tillegg til dei 1400 som har vore innom Stadion, har flere hundre fått vaksinen på Fyllingsdalen sykehjem.

Bergen kommune tok i går imot 13.000 nye vaksinedosar, og reknar med å få sett 4000 av desse i løpet av dagen.

Like før klokka tolv hadde køen på Brann stadion minka kraftig, men det blei framleis meldt om ei ventetid på to timar eller meir.

I den nye vaksineringsrunden blir også personar over 64 år som høyrer til risikogruppene prioritert, samt alle barn i alderen seks månader til tre år, inkludert ein føresett. I tillegg får alle husstandsmedlemmer til spedbarn under seks månader og gravide i første trimester tilbod om vaksinen.

– Ventetida er omtrent som forventa. Stemninga i køen er naturleg og avslappa, seier Alfred Stokke, som hadde venta i halvannan time klokka 11.

Les også

Siste fra Bildeserier

Relaterte bilder

MOTAR SEG OPP: – Eg skal ikkje grina, seier Erik (4, i midten) til barnehagekameraten Vegard (3, høgre) like før han skal inn og få vaksinen. Han held seg til pappa Erik Thoresen, og er heller skeptisk til det heile. I bakgrunnen følgjer fireåringen si mor Silje Østensen med, medan Henrikke (1,5) leiar pappa Frank Daltveit inn mot vaksinelokala.

MANGE SMÅ: Brann Stadion er invadert av småbarn som skal få svineinfluensavaksine. Like før klokka tolv hadde rundt 850 vore innom. På Fyllingsdalen sykehjem var talet 450 på same tidspunkt.FOTO: JO STRAUBE